Enno ein siger til FK Vang 2.
Publisert 29/08/2006
Etnedal-FK Vang 2 3-6 (1-3) på Mosletta sundag 25.6. 2006 kl. 13.00.
Dommar: Bjørn Dag Lundhaug. Gult kort: Kristoffer d.y.
Laget: Thomas, Runar, Hallgrim, Tommy, Vidar, Vegard, Kim, Stein Ivar, Anders, Kjell Magne og Kristoffer d.y. Reserver: Var heime denne dagen.
FK Vang rir på ei medgangsbølge om dagen. Sjølv om me kom litt seint i gang pga. ulike omstende og at Etnedal fekk det fyrste målet, klarte me å ro i land ein ny siger på ein middelmådig dag reint spelemessig. Etnedal var fult på høgde, spelte seg fram til ein del målsjanser, men me har Anders og Tommy som står fram og gjer flotte mål. 3 av Anders og to av Tommy etter innlegg frå Anders. I tillegg får Vegard kriga inn eit mål tidleg i 2. omgang. Bra! Me har eit tap for 2. laget i vårsesongen og ligg derfor an til 2. plass no når det er fotballferie. Neste kamp er ikkje før 14. august. Det er noko merkeleg dette at me slit oss gjennom kulde og snø med ispiggar om vinteren, men når den grøne matta ligg der, vert det ikkje spela kampar...HEIA FK VANG!
