Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
Moelven - FK Vang
Gjøvik st.
Lø 21/04 kl 16:10
FK Vang 2 - Nes 0-2
Jon Terje Rying (18)
Dude Issa (12)
Anders Henriksen (12)
» Klikk her for oppdatert tabell

Superstart, med Kanonmål!!!

Publisert 29/08/2006

FK Vang - FF Lillehammer2: 5-1 (4-0)
Tveit stadion 31.juli kl.19.30
Dommar: Terje Johan Stensrud
Asistentdomarar: Kjell Nybakke og Svein Bjørnstad
Observatør:Vidar Hilmen
Tillskuara: ca.130


Jabir Asis vart kåra til dagens FK Vang spelar!! Ellers vil eg seia att under kåringa av dagens spelar i garderoba, fekk 13 spelara stjerner, og Kai Arne Kvale var veldig nærme Jabir!

For ein start på haustsesongen!! Publikum fekk virkeleg valuta for pengane sine i kveld!
Kanonmåla kom som perler på ei snor, vangsgutane var til tider heilt kongar med ballen.
Skal ein vinna fotballkampar må det kjempast!, det gjorde gutane i 93 min. Skal ein scora mål må laget ha stor bevegelse og kreative løp, presise passningar og avsluttningar og det hadde FK Vang i stort monn i 1. omgangen i kveld. Som sportsleg ledar for FK Vang har eg fått gleda av å skriva referat i frå kampen i kveld, og 1. omgang er nok det største eg har sett på Tveit stadion, og der har eg mange timar!

Laget: Terje Lauhaug, Jon Ivar Sandhaugo,Tommy Enger,Gjermund Lagrud Berger,Mohammed Koroma,Dude Issa,Jabir Asis,Ola Magne Vika Helle,Anders Henriksen,Jon Terje Rying og Kai Arne Kvale.
Benytta innbyttarar: Hallgrim Rogn,Kim Bøland,Kai Arne Sandhaugo,Ola Erik Heen Moe og Vegard Kjøs Egge.

Kampen:14 min. 1-0 Nydeleg direkte avsluttning frå 20 meter av Kai Arne Kvale, etter presis innlegg frå høgre sida av Ola Magne.
30 min. 2-0 Gjennomspeling i midten frå Jabir til Kai Arne som gjer sitt mål nr.2.
39 min. 3-0 Jon Terje Kjempar seg rundt på høgre sida, og sler presis inn til Andres som klinkar til frå 22 meter, ball går i tverrliggar og inn.
44 min. 4-0 Jabir kjempar seg til ein retur i frå forsvaret på 16 meteren, Pang og i mål.
Pause: God stemning i garderoba og Morten er nok stolt av gjengen sin, men manar opp til ny omgang på ein bra måte.
50 min. 5-0 Jon Terje lobbar ballen over keeperen som er langt ute, Jabir har atter ei gong asisten.
Kampen bølger etter dette noko att og fram, inntil Tommy desverre blir skada. Tommy får ein stygg ettersleng i kneet. Fysioterapauten vår har konstantert leddbåndskade og det blir no ei lita pause på Kapteinhardhausen vår. Beklagelig att dommaren og asistentdommaren, som var i nerleiken av situasjonen ikkje gjer noko!!
Benken til Lillehammer var ikkje usamde med oss, spelaren som hadde etterslengen, og skada kapteinen vår burde ha vore utvist.
FF Lillehammer2 får trøstemålet sitt i det 87. minutt.
Takk til suporterane våre som stiller opp!! Og nok ei gong, magien og prestasjonane til spelarane gjer meg og støtteapparatet gode svar på det me har gjort til nå i år!!

Referat på FF Lillehammer sine sider:
www.n3sport.no/Organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=461476&CatId=19602