|
|
| |
Publisert 28/08/2006
Jentelaget kopierte gårsdagens storeslem på Tveit stadion!!
FK Vang sitt jentelag slo til med storseier over Fagernes i kveld, heile 27-0 vart sluttresultatet. Jentelaget har vore veldig bra i summar, og dei fortjenar virkelig notis på nettsia vår.
Dei kom til kvartfinale i Norway Cup og gjer det stort i serien med guts, tæl og bra spel. Meir om dei kjem når nye nettsida snart er på plass!
|
Publisert 27/08/2006
FK Vang 2 - Dokka SK 2: 27-0 (10-0)
7 er kamp på Tveit stadion søndag 27. aug. kl 13.00
Dommar: Geir Kongslien
FK Vang feirar i kveld sin største seier i klubben si 15 årige historie!!!
Det var total overkjøring frå avspark og Vangsgutane var nermare 35-0, enn Dokka var redusering. FK Vang 2 manglar 1 poeng for å ta seriemesterskapet, og Etnedal som er nermast må vinna alle sine siste kampar stort om me ikkje klarar å kapra det omtala poenget.
Det er berre dei kampane med 11`er fotball som er teljande for å vinna 6. divisjon.
Laget: Thomas, Jabir, Toro, Kai Rune, Kim, Runar, Birger, Emanuel, Christoffer, Kristoffer, Vidar og Kjell Magne.
Målscorara: Jabir 8, Kjell Magne 6, Emanuel 4, Kai Rune 3, Christoffer og Toro 2 kvar og Vidar og Runar 1 mål kvar.
Asistar: Jabir 7, Kai Rune og Kjell Magne 5 kvar, Kim 3, Birger 2, Vidar, Thomas, Toro og Christoffer 1 kvar.
Jabir Asis vart kåra til FK Vang sin beste spelar tett fulgt av Christoffer og Kjell Magne.
Neste kamp for andrelaget er burte mot SAFK Fagernes 2, måndag 4. september kl. 19.30. Møt opp og sjå gutane, kansje klarar dei det omtala poenget og kan spretta champissen.
|
Publisert 27/08/2006
Sel 1-1 (1-0) FK Vang
1-0 26 min
1-1 65 min Kai A Sandhaugo (Kim)
H.domar:Reza Roshan
Ass.domarar:Tore Hagelund, Vebjørn Engeli
Laget: Terje, Jonniva, Morten, Hallgrim, Muhammed, Dude,Kim, Ola E, Kai A Sandhaugo, Kai A Kvale, Jon T
Reservar: Vidar, Runar, Christoffer
Med 5 stykker ute av førsteelleveren, samt 2 av dei som skulle erstatte desse ute, så var det eit relativt nytt lag med stilte med oppi Gudbrandsdalen. Men FK Vang har ein jamn og stor stall så me var relativt optimistiske til tross. Sel har eit godt lag og er svært vanskelege å slå borte.
1. omg opna med relativt jamnt spel. Mesteparten av spelet gjekk føre seg på midtbana.
Utover i omgangen skapa begge lag 3-4 sjansar, men det var Sel som skulle få hol på byllen. På eit skot fra distanse, traff dei ein FK Vang-spelar og ballen skifta retning. Keeper, som var på veg til feil side, fekk snudd og rakk akkurat ballen. Trudde FK Vang og ein del av Selspelarane, men nei. Ballen blei dømt inne. Etter dette tok FK Vang meir og meir over, og det var derfor ein heiltent gjeng som i pausa bestemte seg for å trø enda meir til i 2.omg.
Og i 2. omg tok FK Vang kraftig over. Bevegelse, løp og pasningar begynte å sitte og Sel blei springande ein del imellom. Me skapa etterkvart nokre gedigne sjansar. 2 skot traff treverket, og 3 gonger var me aleine med keeper på 5 meters hald, men så i det 65 min. lukkast med endeleg. Kai A Sandhaugo sendte avgårde eit skot som keeper (som forøvrig redda ein del 100 % sjansar) famla i mål.Resten av omgangen pressa FK Vang på for enda eit mål, men utan å lukkast. Men alt i alt, ein bra kamp av FK Vang, der innsatsen og det gode spelet etterkvart kom tilbake.Synd at det berre vart 1 poeng i ein slik kamp, der me heilt klart hadde fortent alle 3 poenga. Kjempeinnsats av dei spelarane som no fekk sjansen. Dersom dette fortsett kan det bli moro på Tveit stadion til helga.
Spelarane kåra Kim til bestemann, tett fulgt av Hallgrim og Terje. Synest og at Ola E på midtbana og spissane gjorde ein god 2.omgang (heile laget var bra i 2.omg.) |
|
|
|
 |
|
 |
 |
 |
| FK Vang - Fron: Laurdag 2. september kl. 15.00 på Tveit stadion |
 |
 |
 |
| Sel - FK Vang: 1-1 (1-0) |
 |
Sjå her
for oppdatert tabell |
 |
 |
|  | |  | |  |
|
|
|