Anders Skrebergene
Publisert 15/11/2009
Årets spelar i FK Vang vart Anders Skrebergene, han vannt suverent og har hatt ein fantastisk sesong i FK Vang trøya.
Anders har hatt ei deffensiv rolle i laget og plassen på banen har vore som mittstoppar eller djup mittbaneposisjon.
Kim Bøland og Øyvind Kjøs Egge kom på delt andreplas, men dei var nesten 20 poeng bak suverene Anders.
Kim Bøland fekk premie for høgast stjernesnitt på kampana han har spelt i summar og Kai Arne Kvale vart atter toppscoraren vår. Assistkongen i FK Vang 2009 vart også Kai Arne Kvale, Kai Arne er ein veldig viktig offensiv spelar for klubben og han kledde godt premien for denne prisen.
Prisen for best oppmøte fekk Kim Kveno, viktig med sleke karar i troppen. Ny pris av året var råtassen 2009, Arild Tveit fekk denne. Arild er snill gutt, men vart ivrig i nokre situasjonar i summar.
FK Vang har under snittet når det gjeld gule kort, fair play merket på drakta forpliktar til bra opptreden på og utanfor banen.
Speakerkongen og speakerkrompen fekk også fortjente prisar for stemninga dei har skapt frå bua.
Treningar framover:
Beitostølen helsesportsenter onsdagar (frå 25 november) 19.00 - 20.30 og fredagar (frå 6 desember) 19.30 - 21.00.
Møt opp gamle og eventuelt nye spelara!!
