Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Sesongen 2010

Publisert 08/12/2009

FK Vang senior har meldt på lag nr. 2 for sesongen 2010.
FK Vang 2 kjem til å spela i 5. divisjon, og er meldt på slik at me kan spela 7-er fotball om 11-er ikkje er mulig.
Trenarane som var med i år blir også å sjå i 2010, opplegget blir kansje hakket over fjoråret når det gjeld satsing. 
Nesten alle spelarane frå i år blir med vidare, og ein del nye fjes blir også å sjå i FK Vang si drakt neste år. 
Meir om dei nye spelarane kjem framover, så følg med på nettsia.
Opplegget for FK Vang blir innetrening på Beitostølen fram til februar. Utetrening på 7-er feltet på Tveit blir å få prøvd frå starten av februar og Sognehallen lokkar også i år med grønt gras, FK Vang vil kansje ta to wekendturar dit i løpet av vinteren. Spelarane likar opplegget me har hatt i Sognehallen, 2 treningar og 2 kampar i løpet av helga mot gode vetslandslag gjer godt for stivfrosne Valdrissar. 
For dei spelarane som har lyst til å prøvespela for FK Vang, er de alle velkommne til Beitostølen helsesportsenter onsdagar kl. 19.00 og fredagar kl. 19.30 no før jul.