Lærdal - FK Vang: 2-1 (1-0)
Publisert 13/03/2010
FK Vang tok turen til Lærdal i går kveld, for årets fyrste treningskamp. Lærdal vannt fortjent og det var ikkje vanskelig å sjå att vestlendingane hadde spelt meir på stor og bra bane.
FK Vang var ikkje serleg bra i starten av kampen, me var redde for å få ballen og dei personlege feila var ganske mange. Laget sette seg litt meir etter kvart, og spelet vårt vart bedre, sjølv om sjansene ikkje florerte. Ny deffansiv struktur var hovedtema i kveldens kamp, og den fungerte rimeleg bra.
Det som må bli bedre er at når ein FK Vang spelar mistar ballen unødig, ja då må same spelaren ha større fokus på å vinne den tilbake.
Det var bra for spelarane våre å få ein påminnelse om kva som ventar oss neste helg i Sognehallen, motstanden der blir garantert ikkje dårlegare enn Lærdal.
Laget: Jostein, Frank, Anders, Øyvind, Jarle, Sondre, Kjell Magne, Kay, Kim K, Olav, Kai Arne K, Tormod, Robert, Thomas, Runar og Lars.
Kampen:
1-0, 22 min (straffe???)
1-1, 68 min Robert Christensen (Olav Ulven)
2-1, 70 min
Positivt i kveldens kamp: Keeper Jostein var FK Vang sin beste, den nye duoen på mittbanen Kay og Kjell kjem også til å bli ein slager i år. Robert som scorar etter passning frå ein godt kjempande Olav, for ikkje å gløyme flikken til Thomas i forkant.
Alle innbyttarane vart benytta og presterte brukbart.
