Kjell Magne Kvale
Publisert 15/03/2010
Kjell Magne gjer come back og blir garantert ei stor forsterkning i A-lagstroppen til FK Vang, den rolige? og sindige? karen har hatt ei pause frå fotballen, men kjem no att for fullt.
Kjell Magne driv firmaet TK Totalbygg saman med ein kompiss og dei har fleire ansatte.
30 åringen har flytta på seg sidan sist, han og familen er no vorte Hørisbygdingar og gardbrukarar.
Treningsvegen er overkommelig og Kjell Magne møter ivrig opp på trening og andre ting klubben syslar med.
Midtbanen er favorittplass, og dette ønsket er eg rimeleg sikker på at Kjell Magne vil få innfridd. Publikum, med og motspelara og ikkje minst dommarane kan glede seg til å sjå og høyre mr. Kvale på heime og burtebane i summar.
FK Vang sitt A-lag treng spelara med rutine og erfaring. Kjell Magne starta karriera si i Vang Kam sidan vart det Høre/Ryfoss, Fagernes og Safk før han i 2004 kom tilbake til FK Vang.
Lykke til Kjell Magne både som spelar og som gardbrukar i Høre!
