Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Trenings og kamphelg

Publisert 22/03/2010

Sogndal og Sognehallen var atter arena for FK Vang sitt A-lag og øvre Valdres damelag i helga.
FK Vang sitt A-lag hadde i år sitt 5 år på rad med treningssamling i Sognehallen. Samlinga i år var den beste(ikkje resultatmessig), men servicen frå me kom til avreise var upåklageleg. Sogndal fotball hadde ordna programmet, trening på fredagen med etterfølgande spelarmøte på hotellet, kamp på laurdagen med restitusjonstrening i etterkant og kamp på søndagen.
Då me kom i garderoba på fredagskvelden var det satt fram kaffe, lerumprodukt og frukt, spelarane og støtteapparatet kosa seg og følte virkeleg Sogningane si gjestfriheit. Serveringsbordet vart besøkt og dei omtala produkta vart supplert heile helga til ende.
Takk til Sogndal fotball for opplegget og ei super helg, FK Vang kjem tilbake!!

Så til kampane:

Kamp på laurdagen:

FK Vang - Valestrand/Hjellvik: 1-5 (0-1)
0-1, 23 min
0-2, 49 min
0-3, 59 min
1-3, 72 min, Kim"pokerfjes"Kveno (Kai Arne Kvale)
1-4, 76 min
1-5, 79 min

Sjanser, 3-9 i Valestrand/Hjellvik sin favør
Corner, 3-7 i Valestrand/Hjellvik sin favør

Kommentar: Valestrand/Hjellvik er eit godt 4 div. lag frå Bergensområdet, dei var totalt sett bedre enn Vik frå Sogn som FK Vang møtte på søndagen. Vik er 3 div. lag i Firdaligaen.
FK Vang var med bra på notane i deler av kampen, men på slutten kom Bergenslaget sterkt. FK Vang bør få opp treningsdosa om me skal halde heilt ut kampane som kjem, men me møter neppe så sterke lag i vår 4 div. avdeling i IØFK.
Posetivt for FK Vang er at laget har stor framgang frå fyrste treningskampen mot Lærdal forrige helg.
Olav Ulven får bestemannsprisen mot Valestarnd/Hjellvik, ellers er det bra at dei unge spelarane som får prøve seg i dag presterar bra alle saman. Tore Gjevre Haugen er den av dei som klarar seg best og får prøve seg også på søndagen. Flott mål av Kim Kveno etter passningen frå Kai Arne Kvale.

Kamp på Sundagen:

FK Vang - Vik: 1-4 (0-1)
0-1, 36 min
1-1, 52 min, Robert Christensen (Tore Gjevre Haugen)
2-1, 56 min
3-1, 80 min
4-1, 83 min

Sjanser, 6-13 i Vik sin favør
Corner, 5-8 i Vik sin favør

Kommentar: Vik er som omtala 3 div. lag i Firdaligaen og FK Vang er heilt på høgde med dei langt ut i kampen, men me raknar litt i slutten (som på laurdagen) og gjer motstandaren nokre lette scoringar.
FK Vang har også i dag prestasjonsøkning og fortsett dette bør mø bli gode til seriestarten heime mot Brøttum.
Lagdelene fungerer bedre og bedre, klarar gutane å halde kampane i 90 minutt blir det bra.
Også i dag klarer unggutane seg godt, men også dei meir rutinerte presterar på eit høgre nivå i dag.
Ekstra pluss til Keeper Jostein Solsten og midtstoppar Øyvind Kjøs Egge. Framspelet frå Tore Gjevre Haugen som Robert Christensen elegant lobbar over ein utrusande Vik keeper er også eit høgdepunkt i kampen. 

Trening onsdag og fredag kl. 19.30 på 7er feltet, Tveit
Påskeveka: Måndag og onsdag kl. 19.30 på 7er feltet, Tveit