Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Tveit stadion

Publisert 09/04/2010

Tveit stadion har våkna frå vinterdavla.
Banen som vart gummioverstrødd med ca 1 tonn før påske har mista mykje snø pga dei svarte små gummikulene som absorberar varme, desse har gjort underverker og dei grøne flekkane kikar fram.
Banen er mest kvit pr. no, men mykje vil skje i løpet av helga håpar alle som sysslar med fotball i Vang.
Onsdag neste veke trur eg at deler av banen er klar, dette er ny rekord etter at kunsgrasbanen vart åpna i 2007. 

For dei som vil sjå FK Vang i aksjon, er det muligheit i morgon på Blåbærmyra kl. 14.00. FK Vang/Slidre/Røn skal spela mot Valdres FK ein omgang kvar. Slidre/Røn stiller i 1 omgangen, mens FK Vang får prøve seg i 2 omgang. FK Vang manglar desverre ein del spelara til kampen i morgon, men dette gjer att andre må vise seg fram og prestere og det er bra læring.

Ellers bør det nevnast att FK Vang fekk ansvaret og inntekta av parkeringa i Filefjellheisen i påska, mø takkar for tilitten frå heisdrivarane og vil stille mannsterke opp att også neste påske.