Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Kick off

Publisert 10/04/2010

FK Vang er godt tilfreds med innsatsen mot Valdres FK.
Gutane står på dei 45 minutta mø får og gjer seg ikkje burt på nokon måte.

Slidre/Røn var motstandar for Valdres i 1. omgangen, om Slidringane ikkje akkurat mørna Valdres sine spelara før pause så klarte dei respektable 3-0. Slidringane var ikkje over mittbanen, men låg djupt og avklara kontant. Keeper Terje Lauhaug og mittstopparane til Slidre/Røn var bra. Valdres FK sløsa med mange sjanser, bomma på straffe blandt anna. "Pondus" var best på Valdres FK.

Laget vårt: Jostein, Jarle, Kjell Magne, Øyvind, Tore, Kay, Anders, Sondre, Kai Arne K, Kristoffer L, Kim K. Res. Thomas, Even, Kristoffer K, Runar, Syversen og Frank. 
  
FK Vang var klare etter pause og 5 minutt sto det på klokka då Kim Kveno kontant gjer FK Vang 1-0, Kai Arne Kvale har den utløysande passningen. Bra kontring av FK Vang. Moro for "pokerfjes" å score mot gamleklubben, og moro for FK Vang trenaren å ha leiing ei stakket stund mot gamletrenaren i FK Vang og kompissen Morten Arild Buene.
Valdres FK utlikna etter 10 min på dødball og hedding i målet bak Jostein. FK Vang hadde 2 sjanser til i omgangen mot Valdres FK sine 8. Valdres FK putta 3 mål til i nota desse kom etter 20, 35 og 40 minutt av omgangen.
Mykje er bra i FK Vang sine formasjoner, gutane jobbar som heltar og det er viktig. Laget sit bedre og bedre og me har hatt prestasonsmessig framgang kvar kamp så lang i år.
FK Vang manglar i dag Olav, Abu, Robert, Åsmund og Kim Bøland, alle desse er kapable til å gå rett inn i startelleveren. Det er meget bra att FK Vang har brei og god stall og att mange spelara kjempar om plassane i laget og presterar når dei får sjansa.
Unguten Tore Gjevre Haugen startar kampen på back i dag og gjer ein framifrå innsats, fleire ungutar kjem inn og presterar bra og det er virkeleg moro.
Kai Arne Kvale får min bestemannspremie i FK Vang i dag, men alle dei andre er hakk i hæl! Bra gutar.

Trening på Tveit kunstgras (trur eg) onsdag og fredag kl. 19.30.