Treningskamp mot Nordbygda
Publisert 25/04/2010

Nordbygda fra Løten er på treningssamling i Vang/Beitostølen for 3 året på rad. For Hedemarkingane har dette vorte ein tradisjon, og eg trur laget har det bra i Valdres denne helga. (mulig at det er ein tøff dag i dag)
FK Vang 2 stilte opp kl. 16.00 på Tveit laurdag for å møte 5. divisjonslaget til kamp. Dommertrio hadde me også skaffa til dagens batalje, Geir Kongslien var her sjefen, Ann Iren Moen og Espen Hovi gjekk på linja og alle tre gjorde ein god jobb.
Geir dømte meget godt til å bevege seg såpass lite, men lell trur eg han kjenner det godt i føtene i dag.
Før kampen starta var belønninga att den som hadde mest poeng og ikkje var med i forrige 4. divisjonstropp skulle få denne muligheita mot Dokka fyrstkomande fredag. Mewcha Haylemicael Kahsay og Kai Arne Sandhaugo delte denne belønninga og blir begge å sjå på Tveit neste fredag.
Kampen endte med 2-0 seier til Nodbygda, men det var også i dag ein jamn kamp som kunne ha bikka begge veger.
Øyvind Kjøs Egge får bestemannspremien på FK Vang 2 sitt lag. Moro att Kai Arne Sandhaugo er i gang att, han spelar ein god kamp på midtbanen i dag og blir ei god forsterking i stallen framover. Etiopieren "Kasai" som han er døypt i Vangsgarderoba spelar også ein bra kamp i midtforsvaret, han er rolig, men tacklingssterk og slår nesten ikkje feilpassningar.
Fyrste kampen for FK Vang 2 er heime mot Snertingdal tysdag 4 mai.
Treningar komande veke; Måndag og onsdag kl. 19.30
Eg prata med keeper Jostein i går, han ligg på sjukehus og skal behandlast meir i dag. Bruddet i armen er meir komplisert enn fyrst antatt, og dette er vel grunnen til at skada treng meir behandlig. Smertene var lindra ein del og Jostein hadde fått litt søvn og det er bra. God bedring Jostein!
