FK Vang - Dokka: 1-5 (0-3)
Publisert 30/04/2010
Tveit stadion kunstgras fredag 30 april kl. 19.30
Dommar: Svenn Olav Fossholt, Dag og Keneth Engelund
Publikum ca 50 stk.
Speaker: Vidar Eltun
FK Vang har virkelig starta dårleg i årets serie, me gjer motstandaren gåvepakke etter gåvepakke og vaknar ikkje før uti 2 omgangen i kveld, men då er kampen avgjort.
Kanskje ligg skada som skjedde forrige helg i tankane og pregar spelarane våre, me virkar redde og gjer mange feil, duellane er halvhjarta frå vår side og FK Vang spelarane er rett og slett tafatte.
Dokka sin eminente Olebakken avgjer kampen nesten åleine og scorar på nesten alle sjansene han har.
Bjørn Gunnar Myhre kjem inn i buret og gjer ein meget god kamp for FK Vang, Bjørn Gunnar blir dagens mann tett fulgt av Kai Arne Sandhaugo som spelte godt på backen etter att han kom inn som innbyttar.
Sjansestatistikken i kveld viser 7 - 11 til Dokka og cornersrtaistikken syner 3-4 i Dokka sin favør. Kampen var med andre ord jamnare enn reultatet syner, men me gjer feil i bakre firer som avgjer kampen. Me scorar heller ikkje på sjansane me får tidleg i kampen og dette pregar kvelden og resultatet.
Laget: Bjørn Gunnar, Jarle, Øyvind, Kjell Magne, Tore, Kim K, Anders, Kay, Kristoffer L, Olav, Kai A K, Kai A S, Kasper, Frank og Even.
Kampen:
0-1, 8 min.
0-2, 22 min.
0-3, 44 min.
1-3, 76 min. Øyvind Kjøs Egge (Kim Kveno)
1-4, 78 min.
1-5, 79 min.
Trening neste veke: Sundag kl. 16.00 og fredag kl. 19.30
