FK Vang - Biri: 1-0 (1-0)
Publisert 09/05/2010

Tveit stadion kunstgras søndag 9 mai kl. 15.00
Dommarar: Morten Haugerud, Jon Grønbrekk og Svein Erik Slåttsveen
Speaker: Vidar Eltun som skaper bra ramme for våre heimekampar.
Publikum: ca. 80
Hærleg med seier og 3 poeng!
"Pokerfjes"Kim Kveno dagens FK Vang mann, men heile 10 stk fekk stjerner etter kampen mot Biri i dag.
Laget: Thomas, Sondre, Øyvind, Anders, Kai Arne S, Kim K, Kay Even, Kim B, Kristoffer L.K, Olav, Kai Arne K, Kasper, Syversen og Tore
Kampen:
1-0, 22 min. Kim Kveno (Kai Arne Kvale)
Gult kort: Anders og Kristoffer L K.
FK Vang sine spelara var før kampen i dag veldig klare for å heve seg og prestere på det nivået alle veit ligg i vårt unge mannskap. Alle spelarane heva seg med fleire % og det vart ein fortjent seier til slutt, sjølv om Biri hadde sine muligheiter i slutten av kampen.
FK Vang hadde ein veldig bra 1 omgang og hadde 5 solide sjanser, men ein meget god Birikeeper redda mesterlig i 2 situasjonar der både Kai Arne K og Syversen kom åleine mot han. FK Vang burde ha leda med fleire mål før pause, men me fekk det eine målet og det holdt kampen ut. Målet kom i det 22. min. Kai Arne Kvale kjem rundt på Biri si venstreside og legg fint inn til Kim Kveno som på brilliant vis rundar Biri sin keeper og scorar. For dei som ikkje har sett Kim sitt pokerfjes, var det å sjå etter denne nydelige scoringa, det kom også fram etter at dommaren bles for full tid.
Biri låg veldig høgt i motvinden 1. omgangen, FK Vang var kompakte og gode, og kontra med fleire mann når sjansen baud seg. Alle spelarane presterte og ville mykje meir enn i dei 2 fyrste kampane i årets serie. Fortsett laget slik vil poenga koma.
Biri hadde ballen mest i 2 omgang, men farligheitene fekk me avverga.
Pluss til heile laget i dag, men Thomas styrer spelarane godt frå sin keeperplass, så ekstra pluss til han. Anders, Øyvind, Kai Arne K og Syversen får som fortjent mange stjerner, men "pokerfjes" tok potten i dag.
Biri skriver: http://idrett.speaker.no/organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=1032411&CatId=19211
Trening komande veke blir kun fredag 14 mai kl. 19.30 pga kampar både onsdag og torsdag.
FK Vang 2 - Øystre Slidre/Rogne, 5 div. onsdag 12 mai kl. 20.00 på Tveit
FK Vang - Kvam, 4 div tordsag 13 mai kl. 15.00 på Tveit
