Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

FK Vang 2 - Bagn: 3-2 (2-1)

Publisert 19/05/2010

Tveit stadion kunstgras onsdag 19 mai kl. 19.00
Dommarar: Geir Kongslien, Svenn Ingar Moen og Espen Hovi 
Publikum: Berre 20 stk!! ValdresFK - Hønefoss i cupen samme kveld! At NFF gjer ein slek blunder er ikkje bra.

FK Vang 2 er innstilt på å gjera det meste bedre enn FK Vang sitt fyrstelag, og det klarer dei igjen. FK Vang 2 jobbar godt og vinn fortjent kampen mot Bagn.
Bagn har eit brukbart lag med mange gode enkeltspelara, dei trør til og spelar til tider bra fotball. Bagn scorar også fyrst i kveld, dette skjer etter 5 minutt. FK Vang har nokre tilløp, men utlignar etter 10 minutt då "Taxi"Kvien spelar igjennom Sondre som scorar sikkert. Etter 27 minutt er rollene bytta og "Taxi" puttar ballen han mottek frå Sondre i lengste hjørna.
Andre omgangen startar bra for FK Vang og me skapar nokre sjanser. Harald spelar igjennom Øyvind som var spiss i deler av 2 omgangen, Øyvind kjempar seg framfør oppassaren sin og scorar eit fint mål. 3-1 står det til 5 minutt før slutt då Bagn får sitt 2 mål for kvelden. FK Vang 2 hadde kun 12 spelara tilgjengelige i kveld, spelarane vart dugeleg tungpusta i slutten av kampen men sto løpet ut og vannt.
"Pirat" Kvien vart kåra til dagens FK Vangspelar og det fortjent, Kvien går til i duellane og er sjef på Tveit, slek skal det væra. 

Laget: Lars, Harald, Pirat, Øyvind, Kr. Kvale, Even, Kasay, Taxi, Frank, Runar, Sondre og Lasse.

Kampen:
0-1, 5 min.
1-1, 10 min. Sondre S Melbye (Taxi Kvien)
2-1, 27 min. Taxi Kvien (Sondre S Melbye)
3-1, 62 min. Øyvind Kjøs Egge (Harald Hovda)
3-2, 86 min. 

Trening fredag kl. 19.30
Kamp laurdag borte mot Ringebu/Fåvang kl 15.00 for 4. divisjon
Dugnad kl 12.00 måndag 24 mai på Tveit, med trening etterpå.
Kamp på Tveit tysdag 25 mai kl. 19.00 i 5 div. mot Aurdal/Leira og Arild!