Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Ringebu/Fåvang - FK Vang: 5-4 (2-1)

Publisert 22/05/2010

Fåvang kunstgress laurdag 22 mai kl. 15.00
Dommarar: Knut Robert Joten, Ola Skjørli Oterhals og Helge Birkeland

For ein kamp!
4 mål på 6 minutt i slutten av kampen, men mange av dei gjekk desverre i vår dissfavør.
Sondre måtte steppe inn i målet i dag, Thomas kunne ikkje, elleres mangla FK Vang Kay Even, Jarle, Frank, Kjell, Olav, Tormod og Kristoffer L K i dagens kamp, keeper Sondre klarte seg bra sjølv om trening som keeper har vore kun 1 trening i år.   
FK Vang kom veldig bra igang i dagens kamp, me fekk frispark på vår venstre side og Robert la ballen perfekt på bakre der Øyvind var høgast og hedda ballen inn i nota. Kampuret viste 1 minutt, men så slokna gutane og Ringebu/Fåvang scora to mål og kunne fort ha fått fleire mål før FK Vang tok tak i kampen igjen. I frå det 35 minutt og ut kampen styrde FK Vang kampen og me burde ha klart alle 3 poenga i dag i og med att FK Vang leda i store deler av 2 omgangen.

Robert scora utligningsmålet 5 minutt ut i 2 omgang, det låg mykje vilje i denne scoringa, dette smitta FK Vang og laget var meget bra i 41 minutt av 2 omgangen. Kasper knalla til i det 15 minutt og ballen fauk inn i tverrliggaren og ned bak målstreken og ein forfjamsa R/F keeper, dagens finaste mål. Valdrisane spelte godt og seieren føltes sikkra, R/F kom ikkje til ei sjanse før etter 41 minutt ut i 2 omgangen, ein R/F spelar fekk ballen på 25 meter og smelte ballen med stigning rett i krysset og atter var det remis i kampen. Robert var virkeleg på høgget i dag og 2 minutt før slutt fekk han ballen frå Kvenon på ca 14 meter og klinka kula rett i krysset og atter leing til FK Vang like før full tid. FK Vang hadde like etter dette ei kjempesjanse då R/F sin keeper var utanfor 16 metern ved mållinja i duell med Syversen, Syversen vannt duellen, men stolpen vart råka i det tomme buret og ballen gjekk til utspel frå keeper.
Kampuret viste 90 minutt og FK Vang leda kampen og virka trygge, men ein R/F spelar kom igjennom mellom vår back og mittstoppar på vår høgreside, angriparen fekk sparka ballen inn framfør mål der det kom fleire R/F spelarar i 100 og uavgjort i kampen igjen. 
Poengdeling kunne ha vore ok for vår del, men tap av alle poenga føltest veldig tungt. Vinnarmålet til R/F kom i det 92 minutt, dei fekk innkast på vår høgreside som vart kasta heilt inn i feltet, våre spelara klarte ikkje å få ballen ut i mølja som oppsto og R/F fekk krangla ballen inn i nettet.
FK Vang spelte bra fotball i store deler av kampen, og det får spelarane ta med seg. Dei siste minutta av kampen bør gløymast, men tidleg avklaring i situasjonane som oppstår og med skikkeleg trøkk i valga våre er eg rimeleg sikker på at 3 poeng hadde vorte med heimatt over Valdresflya. R/F får 3 sjanser i 2 omgang og scorer på alle, men når det er sakt, hadde vi stolpen og tverrligaren med oss i 1 omgang.
Robert Christensen blir dagens FK Vang spelar, Kim Bøland og Kasper Kjeldsen kjem også på pallen.

Laget: Sondre, Kasay, Øyvind, Anders, Kai Arne S, Kim K, Kim B, Ole Eirik, Kasper, Robert, Kai Arne K, Kr Kvale, Even, Tore og Harald

Kampen:
0-1, 1 min. Øyvind K. Egge (Robert Christensen)
1-1, 4 min.
2-1, 22 min.
2-2, 50 min. Robert Christensen
2-3, 60 min. Kasper Kjeldsen (Robert Christensen)
3-3, 86 min.
3-4, 87 min. Robert Christensen (Kim Kveno)
4-4, 90 min.
5-4, 92 min.

Husk dugnad måndag kl 12.00 og trening etterpå, trening onsdag kl. 19.30
Husk! FK Vang 2 - Aurdal Leira tysdag kl. 19.00