FK Vang - Lom 1-2 (1-1)
Publisert 29/05/2010

Tveit stadion kunstgras 29 mai kl 15.00
Dommarar: Vidar Hilmen, Hans Foss og Svein E. Slåttsveen.
Speaker: Vidar Eltun
Publikum: Ca 50 stk.
Meget surt tap, men årsbeste fra FK Vang-gutta! Serieleder Lom var veldig nær poengtap mot eit tent og godt heimelag i dagens kamp.
Sjansestatistikken viser 8-8, laga hadde kvar sin omgang og FK Vang burde ha endt opp med minste 1 poeng.
Kim "pokerfjes" Kveno førde FK Vang opp i leiing 1-0 på eit fint mål. Kai Arne Kvale kom rundt på høgresida og la 45 grader ut til "pokerfjes" i det 38 minutt. Det såg ut til at FK Vang skulle gå til pause med leiing, men me klarte sjølvsagt å gje Lom utligning rett før pause. Målet kom etter klabb og babb i vårt felt, avklaringane var av det dårlege slaget og remis var eit faktum.
FK Vang spelarane hadde stor tru på eit godt resultat i pausa og var aggresive og bra på høgget når Hilmen sette igang nye 45 minutt. Det var mange bra prestasjonar utover i 2 omgangen og det var bra tempo i kampen. Robert var vel nærmast i å føre FK Vang opp i leiing, men avslutta 3 hundredeler for seint då han kom åleine mot Lom sin keeper med ein Lomvær i hælane. FK Vang hadde fleire gode muligheiter, men lykkast ikkje med å få ballen forbi Lom sin gode keeper. Lom hadde også ein par visittar, men var relativt tamme i 2 omgang. I det 22 minutt gjer FK Vang bort eit frispark på ca 17 meter. Lomspelaren ladar kanonen og smeller ballen i vår mur, ballen gjer ein boge og landar sjøvsagt i føtane på ein Gudbrandsdøl som lett fører Lom opp i leiing. FK Vang prøver alt dei kan og få mål, men lykkast ikkje. Det siste som skjer i kampen er at Thomas tek eit frispark frå mitten av banen, alle FK Vang spelarane er framme ved Lom sitt mål, og frisparket går i stolperota og ut.
FK Vang bør væra nøygde med dagens kamp, fortsett dette vil poenga koma.
Nordfjordingen Kay Even vart kåra til dagens FK Vangspelar med god margin, Sondre S Melbye kom på andreplass.
Lom skriv dette: http://www.lom-idrett.no/fotball/index.php?name=News&file=article&sid=1185
Laget: Thomas, Anders, Øyvind, Kristoffer L K, Sondre, Kay Even, Kim K, Kim B, Kasper, Robert, Kai Arne K, Kai Arne S, Even, Syversen og Tore
Kampen:
1-0, 38 min. Kim "Pokerfjes" Kveno (Kai Arne Kvale)
1-1, 45 min.
1-2, 67 min.
Trening komande veke: Onsdag kl. 19.30
