Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Vest Torpa - FK Vang: 1-3 (0-2)

Publisert 04/06/2010

Lundemoen stadion 4 juni kl. 19.00
Dommarar: Erland Harelund, Stian Thorbjørnsen og Atle Skoglund (Bra trio)
Publikum: ca. 30

FK Vang reiste til Torpa for å fortseta trenden me hadde heime mot Lom forrige helg og lukkast i stor grad med dette. Lundemoen stadion og Vest Torpa på heimebane har vore ei vanskeleg nøtt for FK Vang, men i kveld vannt Valderslaget fortjent. Vest Torpa på si side slit i begge endar på banen, men kjempar godt og spelar bra fotball på ein bra grasbane i Torpa.
FK Vang er det klart beste laget i 1 omgang og skapar 5 sjanser mot Vest Torpa si eine. Heile 33 minutt går det før Ole Eirik Syversen knallar til frå ca 20 meter, ballen går utagbart til høgre for Torpakeeperen. Syversen er på høgget i kveld og vil mykje igjennom heile kampen og når klokka viser 43 minutt vinn samme Syversen ballen i kamp med Torpamålvakten som er for sein i situasjonen, dommaren bles korrekt straffe. Kai Arne Kvale går fram og legg ballen til rette, mr. Kvale set straffa utagbart til høgre for keeperen, ballen går i stolpen og inn nettet på motsatt side og 2-0 til FK Vang ved pause.
Me veit att Vest Torpa i poengnød vil kjempe i 2 omgang og går ut for å kjempe dei siste 45 minutta. 2 omgangen blir slek me trur, Vest Torpa prøver og prøver, men kjem ikkje til store sjanser meir enn eit par gonger. FK Vang ligg kompakt og kontrar når dette byr seg. Kasper Kjeldsen scorar FK Vang sitt 3 mål på eit nydeleg langskudd mitt i omgangen, og løpet er vel i realiteten kjørt fo Vest Torpa som får trøstemålet 5 minutt før slutt.
Ole Eirik Syversen blir fortjent dagens FK Vangspelar, Anders, Sondre og Kay Even kjem tett på i kåringa.  

Laget: Thomas, Sondre, Øyvind, Kristoffer L K, Kai Arne S, Kay Even, Kim K, Anders, Kasper, Kai Arne K, Syversen, Tore, Even og Frank. 

Kampen:
0-1, 33 min. Ole Eirik Syversen
0-2, 43 min. Kai Arne Kvale (Ole Eirik Syversen)
0-3, 69 min. Kasper Kjeldsen (Ole Eirik Syversen)
1-3, 80 min.

Neste veke:
Tysdag: Kamp heime mot Valdres FK 3 kl. 19.00 i 5 div.
Onsdag: Trening kl. 19.30
Fredag: Bortekamp mot Ringlia kl. 19.00 i 5 div.
Søndag: Bortekamp mot Follebu 2 kl. 15.00 i 4 div.