Ringelia - FK Vang 2: 2-4 (1-1)
Publisert 12/06/2010
Ringelia stadion fredag 11 juni kl. 19.00
Dommar: Keneth Nydal
FK Vang 2 reiste med 11 mann til Ringelia for 11er kamp, me har kun spelt 1 stk. 7er kamp så langt i år sjølv om laget er påmeldt som dette. Alle 11 heldt kampen ut på ein regntung og slåtteklar bane i Ringelia.
Ringelia stilte med eit brukbart lag og var absolutt bedre en det plasseringa på tabellen viser. Om Søndre Lendingane får opp oksygenopptaket noko meir og slepp så mange bytter kan dei bli eit bra haustlag.
Christian Buene stilte opp for sin fyrste kamp i år, han klarte seg godt og blir forhåpentleg vis med meir utover no. Ellers hadde FK Vang 2 eit brukbart lag i dag, men burde hatt med eit par reserver.
Sjansestatistikken syner 13-6 og cornerar 6-2 i FK Vang sin favør, seieren var veldig fortjent men uttellinga burde ha vore bedre.
FK Vang gjekk opp i leing etter 20 minutt ved Åsmund Bakkene han fekk innkastet frå Kristoffer Kvale, Ringelia utligna 5 minutt seinar etter ein miss i vårt forsvar. 1-1 var stillinga ved pause og gutane var veldig klare for ein bedre prestasjon i 2 omgang. Ringelia scora fyrst i 2 omgangen, 7 minutt ut i omgangen og atter ein slurv i vårt forsvar. Ringelia leia kampen i 13 minutt. Etter dette var det kun FK Vang 2 som skapte dei store sjansene, Even Helle nikka inn utligninga etter ein fin tversover frå Sondre S Melby. 80 minutt sto det på kampuret då Kristoffer Kvale kom fram på vår venstreside og la eit fint innlegg som Sondre S Melby elegant nikka i lengste hjørna og leiing var eit faktum. Åsmund Bakkene fekk era av å seta det siste etter ein fin passning frå Even Helle, ballen gjekk mellom føttene på ein ellers god Ringeliakeeper.
Åsmund Bakken pryder nettsia også etter denne kampen, han vart kåra til FK Vang sin beste og blir garantert ei forsterkning for oss i fyrstelaget. Sondre og Even kjem også på pallen etter kåringa, dette er veldig bra av ungutane som blir bedre og bedre og har hatt ei bra stigande prestasjonskurve så langt i år.
Tabellen: http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=81369
Laget: Lars, Sondre, Christian, Kristoffer "Pirat", Kristoffer 86, Lasse, Christoffer "Taxi", Even, Tormod, Åsmund og Runar.
Kampen:
0-1, 20 min. Åsmund Bakkene (Kristoffer Kvale)
1-1, 25 min.
2-1, 52 min.
2-2, 65 min. Even R Helle (Sondre S Melbye)
2-3, 80 min. Sondre S Melbye (Kristoffer Kvale)
2-4, 89 min. Åsmund Bakkene (Even R Helle)
Neste kamp for 5 div. heime mot Etnedal 20 juni kl. 15.00
