Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Follebu 2 - FK Vang: 1-5 (0-2)

Publisert 14/06/2010

Follebu stadion 13 juni kl. 15.00
Dommarar: Tom Erik Våtsveen, Bjørn Lunden og Roar Steinslien

FK Vang var veldig innstilt på å revansjere tapet mot Follebu i 2006 på denne banen, den gonga tapte FK Vang med 2-1 og det var eit meget ufortjent tap mot Follebu sitt beste lag den sesongen.
Fyrste omgangen i dag var meget god av oss, Follebu hadde vel ingen sjanse dei fyrste 45 og FK Vang burde ha leda med meir en 2 mål.
Follebu 2 starta kampen med å få 2 gule kort på samme spelar og dermed spel med 10 mann då 15 minutt var spelt.    
FK Vang hadde mange sjanser, men utnytta dei dårlig tidleg i omgangen. 30 minutt var gått av kampen då Åsmund Bakkene sette inn FK Vang sitt fyrste i kveld, passningen kom frå Kai Arne Kvale. Åsmund ordna elegant 2-0 ledelse til FK Vang to minutt seinare, asisten hadde Olav Ulven. 
I pausa var me veldig enige om å holde trykket oppe, men klarte det heller dårlig dei fyrste 20 minutta av omgangen. Follebu 2 fekk tildømt ei gratis straffe, og scora sikkert på denne. Follebu 2 var gode denne perioda, og FK Vang vart sirompa og hadde stort strekk i laget. Men høgt press frå Follebu straffar seg for dei etter kvart, 3 mål til FK Vang dei siste 15 minutta sender 3 poeng til Valdres og 5. plass på tabellen. 
Kai Arne Kvale set inn 3-1 målet då han plukkar opp feilpassning og lurer av to før keeperen blir finta til feil side. Kim Kveno ordnar passningen til Åsmund som scorar sitt 3 og 4-1 til FK Vang. Kim Kveno får æra av å seta det siste målet i kampen, Kai Arne Kvale har asisten.
Åsmund Bakkene vinn avstemminga og blir dagens FK Vang for 3 gong på rad, Kay Even Risøy blir ein god nr.2.

Laget: Thomas, Sondre, Anders, Øyvind, Kasper, Kim K, Kay Even, Kim B, Åsmund, Syversen, Kai Arne K, Olav og Even 

Kampen:
0-1, 30 min. Åsmund Bakkene (Kai Arne Kvale)
0-2, 32 min. Åsmund Bakkene (Olav Ulven)
1-2, 50 min. Straffe????
1-3, 75 min. Kai Arne Kvale
1-4, 79 min. Åsmund Bakkene (Kim Kveno)
1-5, 87 min. Kim Kveno (Kai Arne Kvale)

Trening neste veke: Onsdag kl. 19.30