Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

FK Vang - Otta: 3-2 (0-2)

Publisert 19/06/2010

Tveit stadion kunstgras laurdag 19 juni kl 15.00
Dommarar: Jan Ole Skinnehaugen, Adrianus Teunis Nugteren og Runar Brennengen (Bra trio)
Publikum: ca 30

Årsbeste av FK Vang i dag, Otta vart påført sitt fyrste tap og FK Vang vinn fordi me vil mest.
Sjansemessig er kampen relativt jamn, Otta er eit godt ungt lag og spelar til tider bra fotball og har mange bra spelara i laget. Otta framstår også som eit sympatisk lag, det var ein meget severdig forestilling på Tveit i dag som mange desverre gjekk glipp av.  
FK Vang er meget gode dei fyrste 25 minutta og fortjener scoring, men dengong ei. Otta kjem dei siste minutta av omgangen og scorar 2 mål, heilt i strid med sjansestatistikken. Dødball på bakre er Otta si oppskrift på det eine og låg avsluttning etter spel i feltet den andre.
Pausa i FK Vang garderoba er ikkje heilt fri for torden og det hjelper trur eg. Spelarane fortset slik som i starten på 1 omg. og er gode heile omgangen. FK Vang scorar 2 mål på dødball og bakre og Otta får smake sin eigen taktikk. Kai Arne Kvale nikkar inn vårt fyrste (på bakre) etter fin corner frå Kim "pokerfjes" Kveno, flott scoring frå læreboka. Øyvind er oppe og vinn ein duel på nok ein dødball (kjakehedding), ballen landar nær Even R Helle som set inn utligninga, hærleg av 17 åringen som virkeleg har kome seg i summar.
2 minutt etter utligninga får FK Vang eit frispark ved mittstreken, Anders sler passningen etter sida der Sondre S Melbye er i farta frå sin backplass, Sondre forserer fram på sida og sler ballen perfekt på bakre der Øyvind vinn duellen klart og fører FK Vang opp i leiing 3-2. Seier til FK Vang i dag og gutane kan vera stolte over spel og innsats, helie 11 spelara fekk stjerner etter kampen og det seier sitt.
Thomas Andre Gjerde blir FK Vang sin beste i dag, han har ei kjempereddning på 3-2, Kay Rven Risøy kjem på sølvplass og Matchvinnar Øyvind Kjøs Egge på bronseplass. Ellers vil eg gje honnør til heile laget for meget god gjennomføring av kampen og opphentinga etter å ha ligget under med den farlige 0-2 ledelsen som Otta hadde.

Laget: Thomas, Sondre, Øyvind, Anders, Frank, Kim K, Kim B, Kay Even, Kasper, Syversen, Kai Arne K, Tore, Olav, Even og Kai Arne S 

Kampen:
0-1, 32 min.
0-2, 43 min.
1-2, 67 min. Kai Arne Kvale (Kim Kveno)
2-2, 76 min. Even R Helle (Øyvind Kjøs Egge)
3-2, 78 min. Øyvind Kjøs Egge (Sondre S Melbye)