FK Vang 2 - Etnedal: 3-2 (1-0)
Publisert 20/06/2010

Tveit stadion kunstgras sundag 20 juni kl. 15.00
Dommarar: Geir Kongslien, Ann Iren Moen og Sven Ingar Moen
Andrelaget kopierte sluttresulatatet til fyrstelaget og vannt 3-2 over Etnedal i dagens kamp på Tveit. Etnedal kom med 11 mann til dagens kamp og laget kjempa godt og har fleire gode spelara i laget.
FK Vang 2 leda 1-0 ved pause, målet kom etter corner frå vår venstreside som Tore G Haugen slo perfekt inn, Kasper Kjeldsen hedda nydeleg i nota og 1-0 rett før pause vart notert på blokka.
Andre omgang starta med ein del bra spel utan att dei største sjansene vart produsert, men FK Vang var frampå nokre gonger. Etnedal scora fyrst og utligna vår ledelse etter 35 minutt av omgangen, slurv på vår mittbane skapte sjansa. 2 minutt seinar vart evigunge Nila Arne Skeie spelt igjennom av Kasper Kjeldsen og ledelse til Vangslaget igjen. 5 minutt seinare vart kampen pungtert då Kai Arne Sandhaugo spelar fram Kasper Kjeldsen som scorar sikkert. Kai Arne Sandhaugo scorar også sitt fyrste mål i år, men i feil ende då han er uheldig med både sol i augo av avklaringa som går i eige mål like før slutt.
Tore Gjevre Haugen, Kasper Kjeldsen og Anders Skrebergene får allle tre 6 stjerner, men 17 åringen Tore blir stemt fram for bilde på nettsia etter oppgjeret.
Tabellen: http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=81369
Laget: Lars, Kristoffer 86, Kasay, Jarle, Tore, Kai Arne S, Runar, Anders, Kasper, Even, Kristoffer Pirat, Lasse, Cristoffer Taxi, Nila Arne og Christian.
Kampen:
1-0, 43 min. Kasper Kjeldsen (Tore G Haugen)
1-1, 70 min.
2-1, 72 min. Nils Arne Skeie (Kasper Kjeldsen)
3-1, 76 min. Kasper Kjeldsen (Kai Arne Sandhaugo)
3-2, 87 min.
Trening i veka som kjem, måndag og onsdag kl. 19.30
