Vest Torpa 2 - FK Vang 2: 1-4 (0-3)
Publisert 26/06/2010

Lundemoen stadion laurdag 26 juni kl. 15.30
Dommar: Keneth Nydal(god)
FK Vang 2 reiste til Vest Torpa med kun 10 mann og 3 av desse spelte kamp for fyrste gong i år.
Vest Torpa lånte i tilegg bort 2 spelara til FK Vang slik at 11 er fotball vart spelt, spelarane som FK Vang fekk låne var Jan Ole Haugen og Odd Petter Strøm Solberg og begge klarte seg bra. Odd Petter hadde til og med ein fin asist for oss i kampen.
Kjell Håvard Hagerup, Mikel Maputa og Morgan Smith spelte alle tre sin fyrste kamp i år, Mikel og Morgan er nye på mottaket i Vang og kjem opprineleg frå Zimbabwe, Kjell Håvard kjenner me frå før og han presterte som vanleg på høgt nivå.
6 minutt var gått av kampen då Sondre blir felt av keeperen til Vest Torpa på tur ut til sia og straffe til FK Vang 2. For dei som såg kampen med fyrstelaga og straffa i den kampen var denne situasjonen ganske lik. Kaptein Kai Arne Sandhaugo var sjølvutnemt til å ta straffa, han sette straffa utagbart til høgre for keeperen og leiing til FK Vang.
24 minutt seinar i kampen er Sondre S Melbye nok ei gong frampå, denne gonga scorar han sikkert etter passning fra nemte Odd Petter.
35 minutt er gått då Nils Arne Skeie vinn ein slurvepassning ut frå Torpakeeperen, Teknikkeren frå Lykkja gjer ingen feil og fører FK Vang opp i ein komfortabel 3-0 ledelse som også er pauseresultatet.
Andreomgangen startar med Vest Torpapress, men mål får dei ikkje før halve omgangen er gått. Vest Torpa får også ei straffe dei brenner på stillinga 1-3, like etter pungterer Nils Arne Skeie kampen med vår 4 scoring, Morgan er passningsgjevar.
Alt i alt ein god kamp frå FK Vang si side, det er moro og spela mot eit spelande Vest Torpa 2.
Sondre Sivesind Melbye vart kåra til FK Vang sin beste i dag, Kaptein Sandhaugo vart ein god nr. 2 og resten av laget hadde ei bra forestilling i Torpa.
Tabell: http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=81369
Laget: Lars, Harald, Kasay, Kjell Håvard, Tore, Torpa Jan Ole, Kai Arne S, Sondre, Mikel, Nils Arne, Morgan og Torpa Odd Petter.
Kampen:
0-1, 6 min. Kai Arne Sandhaugo (Sondre S Melbye)
0-2, 30 min. Sondre S Melbye (Odd Petter Strøm Solberg)
0-3, 35 min. Nils Arne Skeie
1-3, 70 min.
1-4, 77 min. Nils Arne Skeie (Morgan Smith)
Trening neste veke: Måndag kl. 19.30
Kamp borte mot Snertingdal onsdag 30 juni kl. 19.00 med FK Vang 2
