Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Dokka - FK Vang: 4-5 (3-2)

Publisert 06/08/2010

Dokka stadion 6 august 2010 kl. 19.30
Dommarar: Ivar Michael Jahr, Runar Brennerengen og ? 
Publikum: 50 stk.

"Gribbene" ribbet for poeng.
Kampen i kveld vart meget målrik, begge laga scora på sjansene sine men FK Vang trakk det lengste strået og vannt fortjent.
Dokka var det beste laget i 1 omgang. Heimelaget sitt fyrste mål etter kun 2 minutt sette ein støkk i Vangslaget som rota det til for seg sjølv nesten heile omgangen.
Dokka leda kampen med den farlege 2 mål i pluss heile tre gonger i løpet av kampen, men FK Vang gav aldri opp.
Kai Arne Kvale scora FK Vang sitt fyrste mål i kveld etter fin passning frå Robert Christensen. Rollene vart bytta om då Robert scora FK Vang sitt 2 mål like før pause, stillinga var 3-2 til Dokka ved halvtid.
Ingen av våre spelara var nøgde med dei fyrste 45, og alle var innstilt på ein bedre andre omgang.
Dei siste 45 minutta viste FK Vang klasse, Dokka scora på ein lobb 4 minutt ut i omgangen, men dette målet og ei sjanse til var alt Dokka skapte denne omgangen.
FK Vang hadde 7 farlege målsjanser denne omgangen og scora på tre av dei. Fyrst ute var Kai Arne Kvale som gjekk forbi 3 mann pluss keeperen og pynta på til 3-4, ei rett og slett fantastisk scoring, Sondre hadde asisten.
FK Vang får så straffe i det 61 minutt då Kai Arne Kvale blir felt inne i feltet. Kai Arne overlet straffa til Robert Christensen. Robert set straffa der stolpane møtast altså i krysset 4-4 i protokollen og jakta av full pott på burtebane er igang.
Nøyaktig 10 minutt seinar får FK Vang corner frå vår høgresida, Kim Kveno sler corneren med utoverskru, ballen går gjennom halve feltet men ikkje forbi Abubaicari Abdulai som plasserar ballen i nota og avgjer kampen.
Desse poenga FK Vang fekk med til Valdres i kveld kan bli særs viktige når alt blir telt opp i haust.
Kai Arne Kvale fekk meget fortjent betemannsprisen i FK Vanglaget, Robert fekk sølvplassen og Abu bronse i ei kåring der heile 10 mann i laget fekk stjerner.

Dokka skriver dette: http://dokkasportsklubb.no/index.php?option=com_content&view=article&id=134:mye-mal-men-ingen-poeng

Laget: Thomas, Sondre, Øyvind, Anders, Kasper, Kim K, Kai Arne S, Abu, Kai Arne K, Syversen, Robert, Even, Kasai og Kristoffer Kvale.

Kampen:
1-0, 2 min.
2-0, 22 min.
2-1, 24 min. Kai Arne Kvale (Robert Christensen)
3-1, 29 min.
3-2, 43 min. Robert Christensen (Kai Arne Kvale)
4-2, 49 min.
4-3, 55 min. Kai Arne Kvale (Sondre Sivesind Melbye)
4-4, 61 min. Robert Christensen (Kai Arne Kvale) straffe
4-5, 71 min. Abubaicari Abdulai (Kim Kveno) 

Trening neste veke blir kun onsdag kl. 19.30

FK Vang har heile 4 burtekampar neste veke 2 i 4. div mot Slidre/Røn 9 august og Biri 14 august og 2 i 5 div. mot Ø.Slidre/Rogne den 12 august og Bagn den 13 august. Det blir ei såkalla helvetesveke der kampen om poenga blir tøff.