Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Slidre /Røn - FK Vang: 1-1 (0-0)

Publisert 09/08/2010

Skogen stadion måndag 9 august kl. 19.00
Dommarar: Adrianus Teunis Nugteren, Bjørn Dag Lundhaug og Dag Englund
Publikum: ca 100 stk.

Poengdeling på Skogen i kveld, ok etter spel og sjanser. 
Skogen stadion er liten, ujavn og innbyr ikkje til storspel, kampen i kveld blir prega av mykje langt spel, duellar og mange halvsjanser til begge lag.
Slidre/Røn er nær scoring tidleg i kampen, men ballen går desverre for dei i tverrliggaren og ut.
Slidre/Røn har forsterka laget i seriepausa med blandt andre Jøran Ytterdal (Valdres FK), Jøran kjem til å bli ein bra tilvekst i den noko forgubba, men erfarne troppen Slidre/Røn no har.
FK Vang manglar ein del spelara i kveldens kamp, men dei som kjem inn presterar bra og savnet av dei som ikkje er med blir ikkje så altfor stort. Kaptein Anders hadde vore bra å ha med i duellkampen i dag, men jobben måtte desverre gå fyrst. Syversen si skade tidleg i omgangen var heller ikkje bra for FK Vanglaget, Syvers gleda seg veldig til kampen og han er også ein framifrå duellspelar. 
FK Vang laget spelar ein grei 1. omgang og har eit par bra sjanser, men det vil seg ikkje heilt når sjansene skal omgjerast til mål. 0-0 ved halvtid, men spennande og intenst heile omgangen utan at måla har kome.
I pausa er me samde om å fortsatt kjøre same taktikken som før kampen, dette fungerer bedre og bedre utover i omgangen. 17 minutt ut i omgangen snappar Kai Arne Kvale opp ein sleiv fra Gjermund Berger som den gode spissen Kvale er omsett elegant i nota under ein utrusande Brenna Hansen i Slidre sitt mål. FK Vang fører kampen no og me føler at laget har kontroll over Slidre/Røn. Kai Arne Kvale har ei stor sjanse til i denne perioda og FK Vang kunne fort ha pungtert kampen. 29 minutt ut i omgangen snappar Fredrik Solberg ei dårleg klarering i FK Vang sitt forsvar og smeller til, ballen går innom ein av våre og forandrar rettning keeper Thomas er utspelt og ballen rullar sakte over målstreken.
Begge lag har etter dette ein del sjanser, men kampen ebbar ut med remis.

Lokalavisa Valdres skriver dette: http://www.avisa-valdres.no/sport/2010/08/09/tett-lokaloppgjoer-i-vest-endte-uavgjort.aspx

Kåringa av dagens FK Vangspelar endar opp med 2 på topp. Sondre S Melbye og Kai Arne Kvale får like mange stemmer, men Sondre er yngst så han får pryde nettsia med sitt blide fjes denne veka. Olav Ulven er like bak desse i kåringa og inntek også pallen vel fortjent.

Laget: Thomas, Sondre, Øyvind, Frank, Kai Arne S, Kim K, Kay Even, Olav, Kai Arne K, Syversen, Robert, Even, Abu og Kristoffer Kvale. Ubenytta Kjell Magne og Kasai.

Kampen:
0-1, 62 min. Kai Arne Kvale 
1-1, 74 min. Fredrik Solberg