Bagn - FK Vang 2: 3-2 (2-2)
Publisert 13/08/2010

Fossevang stadion fredag 13 august kl. 19.00
Dommar: Ja
Publikum: Ja
Kamp i går og kamp i dag, mange sletne føta no kan e tenkji me.
FK Vang 2 reiste til Bagn med 11 spelara, mange hadde 90 minutt i går men det var ikkje noko heft i starten av kampen.
FK Vang tok leiing i kampen etter 12 minutt, Kristoffer Lien Kvien scora etter asist frå Nils Arne Skeie. Bagn utligna 10 minutt seinare. Runar S Gullhaug blir felt ca 40 meter frå Bagn sitt mål når halvtimen er unnagjort og dommaren bles frispark til Vang, Kjell Magne Kvale snurpar lissene, tek fart og smeller ballen rett i Bagnsnota bak ein forfjamsa Begning og atter leiing til FK Vang. Omtrent 10 minutt seinar kvitterar Bagn og stillinga er 2-2 til pause.
Det blir tøft utover i andre omgang, Bagn har fleire innbyttarar og bruker dei flittig. FK Vang 2 på si side har ingen friske føta og sleppe innpå, men alle står på. FK Vang 2 må til slutt innsjå att Bagn blir for sterke, Bagn scorar seiersmålet 15 minutt før slutt og vinn fortjent.
Kjell Magne Kvale vart fortjent kåra til FK Vang 2 sin beste i kveld, men det skal også seiast att alle 11 FK Vangspelarane fekk stjerner i avstemminga.
Laget: Lars, Even, Tore, Kasai, Kristoffer Kvale, Morgan, Runar, Kjell Magne, Kai Rune, Nils Arne og Kristoffer Lien Kvien.
Kampen:
0-1, 12 min. Pirat Kvien (Nils Arne Skeie)
1-1, 22 min.
1-2, 30 min. Kjell Magne Kvale (Runar S Gullhaug)
2-2, 40 min.
3-2, 75 min.
Trening neste veke: Onsdag kl. 19.30 og fredag kl. 19.45
