Biri - FK Vang: 5-1 (1-1)
Publisert 14/08/2010

Biri idrettspark laurdag 14 august 2010 kl. 15.00
Dommarar: Kim Larsen Bjaglerud, Tor Eddie Larsen og Einar Nordmarken
Publikum: 50 stk
FK Vang reiste til Biri i dag med ein liten, og meget ung tropp. 1, 16 åring, 2, 17 åringer 2, 18 åringer og 2, 19 åringer. Snittalderen på laget var 20 år og det er vel den yngste troppen FK Vang har hatt i en 4. div. kamp. I tillegg til dette hadde 5 spelara kamp for 2 dagar sidan i 5 div og 3 av desse igjen hadde også kamp i går i 5 div. Eg tek av meg hatten for desse som stiller opp for klubben på denne måten, men det vart nok desverre tomt for krefter utover i kampen i dag, synd at det skulle røyne slik på og at me vart så få utkvilde spelara til denne kampen.
FK Vang held bra til kvarteret gjenstod av kampen, men då var det rimeleg tomt for krefter.
Biri starta kampen bra, og scora på si fyrste store sjanse etter 9 minutt. FK Vang venta ikkje lenge med å kvittere for 90 sekund seinare stod det 1-1 i dommarblokka. Olav Ulven vannt ein duell på mittbanen og sentra til Kai Arne Kvale som fekk drømmetreff og dundra ballen inn i Birimaskene.
1-1 stod seg heile 1. omgangen sjølv om Biri hadde fleire cornera og halvsjanser, men FK Vang sto på og avklara det som kom.
Andreomgangen starta med eit par bra FK Vang sjanser, og det kunne fort ha vore burtelaget som hadde gått opp i leiing, men slik vart det ikkje. 15 minutt ut i omgangen får Biri inn ein heldig langlobb, vår ellers eminente keeper står for langt ute og rekk ikkje tilbake, ballen går inn og Biri jublar.
Siste 10 minutta av kampen puttar Biri 3 mål til, FK Vang spelarane er slitne og heng ikkje med.
Dagens FK Vangsapelar blir 4 divisjonsavdelingas beste spiss Kai Arne Kvale, Anders Skrebergene og Olav Ulven inntar resten av plassane på pallen.
Laget: Thomas, Even, Anders, Øyvind, Tore, Kasper, Kim B, Olav, Frank, Sondre, Kai Arne K, Kasai opg Kjell Håvard
Kampen:
1-0, 9 min.
1-1, 10 min. Kai Arne Kvale (Olav Ulven)
2-1, 60 min.
3-1, 80 min.
4-1, 84 min. (Straffe)
5-1, 90 min.
Treningar neste veke: Onsdag kl. 19.30 og fredag kl. 19.45.
