Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Brøttum - FK Vang: 1-0(1-0)

Publisert 21/08/2010

Tømmermyra 21 august kl. 15.00
Dommarar: Jo Elias Haave, Eirik Hyldbakk Furu og Darko Zugor
Publikum: 30 stk

Brøttum rana 3 poeng på heimebane.
Brøttum scora eit mål på sine 4 sjanser og FK Vang scora 0 på sine 14.
Fotballkampar kan væra på denne måten enkelte gonger. FK Vang har tapt 6 poeng mot eit av avdelingas svakast lag denne sesongen og det er kun vår eigen feil. Sjansene me skapar i kampen bør væra nok til å vinne med 3 mål, men det ville seg ikkje i dag.
FK Vang spelar ein god kamp på ein bane med hå slått høgde i graset, direkteavsluttningane blir det ofte sleiva på og det må vel banen ha ein del av skulda for, men dette er no likt for alle dei 22 utpå myra.
Brøttum får sitt mål 16 minutt ut i kampen, vårt forsvar er litt ubesluttsome og angriparen kjem igjennom og scorar sikkert.
FK Vang spelar fotball og skapar mange sjanser i omgangen, men Brøttum sin gode keeper står i mot prøvelsene.
I pausa er me enige om å fortsetta trenden, me spelar fotball og sjansene kjem, men det vil seg ikkje. Brøttum ligg naturlegvis lågt med laget og avvergar gong på gong. FK Vang kjem rundt på kantane og prøver innlegg utan nytte, laget har også 3 store muligheiter på 45 graders passning ut frå mållinja, eine sjansa blir sett høgt over og dei to andre blir sett rett på keeperen.
Moro at Vegard Kjøs Egge fekk 10-12 minutt i FK Vang si drakt att, Vegard som studerar og satsar for fullt på skisesongen og bur på Lillehammer hadde eit bra innhopp og klubben set stor pris på att han stilte opp.
Moro var det også att Kristoffer Kvale fekk fjeset på nettsia, han og Olav Ulven vart kåra til FK Vang sine beste. Kristoffer har berre hatt nokre innhopp i 4 div. laget og bildevalget på nettsia seier seg då sjølv. Øyvind Kjøs Egge fekk fortjent tredjplassen i avstemninga.

Laget: Thomas, Kristoffer Kvale, Øyvind, Anders, Frank, Olav, Kay, Kim B, Sondre, Kasper, Kai A K, Even, Kasay, Vegard 

Kampen:
1-0, 16 min.

Treningar neste veke:
Onsdag og fredag 19.30
Kamp i 5 div. borte mot Aurdal/Leira måndag 23 august kl. 19.00