Aurdal/Leira - FK Vang 2: 4-0 (1-0)
Publisert 23/08/2010
Leira stadion 23 august kl. 19.00
Dommar: Tommy Enger (Klasse som antatt)
Publikum: 30 stk.
Det gamle storlaget Aurdal/Leira viste klasse i kveld og vannt 4-0 mot rekruttane frå Vang.
FK Vang 2 kom sterkt i slutten av begge omgangane, men klarte ikkje å score på sjansene sine denne gongen.
Aurdal/Leira har mange spelara som er ein tanke utgått på dato, men desse er lure og gode i kveldens kamp og styrer kampen i starten av begge omgangar. Aurdal/Leira har også ein meget god mittstoppar med drakt nr. 4, om ikkje Valdres hukar tak i han er han velkommen til prøvespel i FK Vang om ikkje Slidre/Røn vinkar han inn på halvegen då.
FK Vang er farlegast på cornerane me har, Thomas og Jonas er begge nære å score på minst 2 av dei.
Det som var kveldens høgdepunkt i FK Vang var at dagens FK Vang mann vart 15 åringen Jonas Kjøs i sin fyrste seniorkamp, det blir garantert ikkje den siste. Det er meget bra at klubben får fram eigne gode spelara og att desse får prøve seg i senioranes 5 divisjon. Nigerianeren Henry Ofole spelte også sin fyrste kamp i FK Vang, spelaren viste fram både fart og teknikk og blir spennande og sjå framover.
Alt i alt er kampen i kveld eit bevis på att det er viktig med 2 er laget i FK Vang, det er ein fin arena for nye spelara å prøve seg på og laget har prestert meget bra i år og ligger på ein fin 4 plass i serien.
Jonas Kjøs og Kristoffer Kvale fekk begge 7 stemmer etter kampen og begge stiller på toppen av pallen med Kjell Magne Kvale på tredje etter avstemminga.
Tabellen: http://fotball.speaker.no/FIKSfotballdataclient/ft.aspx?scr=table&ftid=81369
Laget: Lars, Kristoffer Kvale, Kasay, Kristoffer Lien Kvien, Tore, Christoffer Kvien, Kjell Magne, Runar, Even, Nils Arne, Kim K, Thomas, Henry, Morgan og Jonas.
Kampen:
1-0, 5 min.
2-0, 50 min.
3-0, 53 min.
4-0, 60 min.
