FK Vang - Ringebu/Fåvang: 5-1 (1-0)
Publisert 29/08/2010
Tveit stadion laurdag 28 august kl. 15.00
Dommarar: Vebjørn Engli, Bjørn Magnar Lunden og Bjørn Dag Lundhaug
Publikum: ca 30 stk
FK Vang viste klassespel i dagens kamp mot Ringebu/Fåvang, gudbrandsdølene vart til tider rundspelt av eit godt spelande FK Vang.
Dei to nye spelarane i startelleveren viste begge klassespel sjølv om begge har lite kamptrening i summar. Anders Iversen viste autoritet og tryggheit i mål og Pål Skjønhaug styrte mittbanen på ein utmerka måte med praten, roa og sine gode valg. Heile laget blomstra, bevegelsen og løpa kom og ballen vart trilla hurtig.
I fyrste omgangen hadde FK Vang heile 11 målsjanser, men scora berre 1 mål. Kim Kveno scora etter 11 minutt og Pål Skjønhaug sto for asisten. Mange av målsjansene var meget store, men ein god keeper i R/F målet avverga.
Ringebu/Fåvang skapte lite framover, og kom vel kun til ei sjanse i kvar omgang.
I pausa var laget enige om å fortseta som i starten av kampen. Trenaren sa vel litt på spøk at om laget spelte som i 1 omgangen ville fyrste scoringa koma 2 minutt ut i andre omgangen. Akkurat dette skjedde Kai Arne Sandhaugo som kom inn i pausa på høgre mittbaneplass fekk servert krosspassningen frå Pål Skjønhaug, Kai Arne fossa inn mot mål, elegant tunnel på backen og fyrste hindring passert, neste hindring ein utrusande R/F keeper men Kai Arne plasserte ballen perfekt til side og 2-0 i protokollen etter 2 minutt som bestilt.
Ringebu/Fåvang scora sitt mål 10 minutt ut i omgangen på si andre sjanse. FK Vang meinte at R/F angriparen var i offside men, dommarane godkjente målet og 2-1 på blokka.
3 minutt seinar vart Kai Arne Sandhaugo frispelt på høgre sida, Kai Arne førde ballen mot mål løfta blikket og såg navnebror med ettenavn Kvale i feltet, passningen kom og Kai Arne Kvale sette ballen inn i åpent bur.
4-1 var vel dagens litt heldige mål, Pål Skjønhaug slo eit langt frispark inn mot mål, Øyvind Kjøs Egge som var komen fram sneia borti ballen som trilla inn. Kai Arne Kvale scora det siste i dagens oppgjer, atter ei gong var det Pål Skjønhaug som kom med den befriande passningen. FK Vang scora 4 mål på sine 8 sjanser i 2 omgangen og det er meget bra.
Dagens FK Vangspelar vart vår nye spelar Pål Skønhaug tett fulgt av Øyvind Kjøs Egge og Kai Arne Kvale, men heile laget bør nevnast i dag, alle presterte veldig bra.
Laget: Anders I, Kristoffer Kvale, Øyvind, Anders S, Frank, Kay Even, Kjell Magne, Pål, Kasper, Kim K, Kai Arne K, Kai Arne S, Even, Tore og Lars
Kampen:
1-0, 11 min. Kim Kveno (Pål Skjønhaug)
2-0, 47 min. Kai Arne Sandhaugo (Pål Skjønhaug)
2-1, 55 min.
3-1, 58 min. Kai Arne Kvale (Kai Arne Sandhaugo)
4-1, 67 min. Øyvind Kjøs Egge (Pål Skjønhaug)
5-1, 70 min. Kai Arne Kvale (Pål Skjønhaug)
Treningar komande veke: Onsdag og fredag kl. 19.30
Kamp 5 div. måndag kl. 19.30 mot Nordre Land 2
