Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Lom - FK Vang: 3-2 (1-1)

Publisert 04/09/2010

Grov kunstgress laurdag 4 september kl. 15.00
Dommarar: Arnold Andersson, Darko Zugor og Roar Steinslien (Bra trio)
Publikum: ca. 50

FK Vang reiste over Valdrsflya i dag med håp om poeng, og me var tett på og stjele alle poenga fra Lom i dagens kamp.
Troppen til FK Vang som allerede mangla mange krympa i tillegg sterkt før avreisa frå Ryfoss i og med forfall på Kim Bøland, Sondre S Melbye og Anders Iversen. 
Mest ansvar fekk vår unge keeper Lars Wiknes, 17 år, Lars fekk ilddåpen i dag mot store Lomværingar og klarte seg fantastisk.
Lom var meget gode i 1 omgangen, dei trilla ball, kom rundt på kantane og spelte fotball etter læreboka. Heimelaget hadde 10 cornerar og 6 sjanser dei fyrste 45, men scora ikkje før i sluttminuttet av omgangen. FK Vang hadde då leia kampen i ein halv time etter langskuddet frå Kristoffer Kvale som gjekk i tverrliggaren og ut i feltet der Kai Arne Kvale scora sikkert. Kim Kveno hadde ei stor muligheit til å gje FK Vang 2-0, men denne sjansa redda Lomkeeperen. 1-1 til pause var eit resultat FK Vang bør væra mest fornøygde med etter 1 scoring på 2 sjanser.
Pausa gjorde godt for mange slitne føtar, FK Vang var meget bestemte på og vise seg i frå ei bedre side dei siste 45.
Omgangen vart mykje jamnar, Lom var det beste laget i starten av omgangen, men FK Vang tok meir og meir over. Klokka viser ca 85 minutt av kampen(vatnpausa fråtrekkt) då Frank Skoglund får ballen frå Kim Kveno, Frank smeller til frå ca 26-28 meter, ballen duppar ned i lengste kryss og er utagbar for Lomkeeperen. Leiing 2-1 til burtelaget og poeng med heim i bussen til Valdres hadde vore godt.
Lom nekta å tapa, dei kjørde opp Opplandsradioens Reidar og spelte med 3 bak, dei satsa med full tyngde og klarte å utligne 2 minutt før full tid, på ei heldig scoring frå meget skrå vinkel som gjekk i stolpe - keeper og rulla inn.
Nervene låg nå utenpå FK Vang sitt lag, me prøvde å trille ballen og kom framover på banen, feil offensive valg førte til brudd og Lom fekk riktig idømt straffe 2-3 minutt på overtid og 3-1-0 poeng på nokre minutt vart poengfangsten for FK Vang i dag.
Øyvind Kjøs Egge blir kåra til FK Vang sin beste spelar i dag tett fulgt av Kay Even Risøy og Frank Skoglund.

Lom sitt syn på saka og mange bilder: http://www.lom-idrett.no/fotball/index.php?name=News&file=article&sid=1248 

Laget: Lars, Kristoffer Kvale, Øyvind, Anders, Frank, Kim K, Kay Even, Kjell Magne, Kai Arne S, Kasper, Kai Arne K, Even, Kasay og Morgan. 
           
Kampen:
0-1, 17 min. Kai Arne Kvale (Kristoffer Kvale)
1-1, 45 min.
2-1, 85 min. Frank Skoglund (Kim Kveno)
2.2, 88 min.
3-2, 93 min.

Treningar neste veke: Måndag og onsdag kl. 19.30