FK Vang 2 - Ringelia: 2-5 (0-2)
Publisert 12/09/2010
Tveit kunstgras laurdag 11/9 2010 kl. 15.00
Dommar: Geir Kongslien
FK Vang 2 har ikkle klart å stå sesongen ut i år, vårsesongen var solid av andrelaget som avslutta denne med å ligge på ein god tredjeplass i serien. Hausten har ikkje vore like bra for laget, mange av dei mest faste laget i vårsesongen har vore lite med i andre halvdel og dette har medført fleire poengtap.
Kampen mot Ringelia starta dårleg, 2 minutt ut i kampen kom det fyrste målet i mot og 4 minutt seinar kom baklengs nr. 2.
0-2 ved pause og FK Vang 2 hadde ein begredelig 1 omgang på heimebane.
Andre omgang starta heller ikkje bra for Vangslaget i og med 3-0 til Ringelia i starten, men laget kom seg og skapte dobbelt så mange sjanser som Ringelia denne omgangen. Men sjanser er sjanser og mål er mål, Ringelia scora 3 og FK Vang 2 i løpet av dei siste 45. Tap 2-5 på heimebane er for dårleg, Vest Torpa 2 er neste og siste motstandar i årets 5. div for FK Vang 2, denne kampen går også på heimebane søndag 26 september kl. 15.00.
Kasai vart kåra til dagens FK vang 2 spelar.
Laget: Runar, Kasai, Tormod, Kai Arne S, Tore, Taxi, Kasper, Kr 86, Eltun, Even, Million, Morgan, Jonas og Jarle
Kampen;
0-1, 2 min.
0-2, 6 min.
0-3, 51 min.
1-3, 72 min. Kai Arne Sandhaugo (Taxi Kvien)
1-4, 77 min.
2-4, 83 min. Kasper Kjeldsen (Tore G. Haugen)
2-5, 92 min.
