Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Otta - FK Vang: 5-1 (4-1)

Publisert 25/09/2010

Øya kunsgress, laurdag 25 september kl. 15.00
Dommarar: Erlend Hareland, Nils Arne Solberg og Samir Krndzija
Publikum: 20 stk.

FK Vang fekk kjørt seg i 1 omgang, Otta kom til 7 gode sjanser og scora på 4 av dei. Dei fyrste 45 minutta var ikkje ulike dei me fekk i mot oss i Lom, men forskjellen var at Lom ikkje scora. 
Otta har mykje bra i laget og det var FK Vang meget klar over, men når Otta får lov å koma så enkelt rundt på kantane og det i tillegg er så lite agresivitet i boksen då må det gå den vegen som det gjorde. Otta sin meget gode høgrekant kom til mange gonger og hadde 3 bananinnlegg som førte til mål på heddingar, alle desse scoringane kunne med litt meir bestemtheit i det bakre ledd vore ungått.
FK Vang kom til 3 sjanser dei fyrste 45 og scora på den minste av dei. Robert lobbar inn ballen over Lusæter i Otta målet, Kasai har asisten. Om Kai Arne Kvale hadde putta sjansa si tidleg i omgangen hadde muligens kampen vorte annleis. 4-1  når pausa kjem til heimelaget er ikkje lett å ta inn, men 2 mål under ved halvtid på heimebane mot samme lag vart snutt til seier i vårkampen.
I pausa blir laget vårt justert for å ta bort den sentrale mittbanen i Ottalaget og for å koma høgre i banen sjølve. Dette trekket lykkast og kampen blir heilt javn dei siste 45.
FK Vang klarer ikkje å score i omgangen sjøv om Robert er nærmast pluss eit par store sjanser til for nordvaldrisane. Otta puttar sitt 5 mål omtrent halvvegs, denne gongen også rundt på kanten og innlegg. Noko særleg meir er det ikkje å raportere frå kampen, me gratulerar Otta med 2 plassen og håper me får møte dei også i sesongen 2011.
Olav Ulven vart fortjent kåra til FK Vang sin beste spelar i dag, Kay Even Risøy og Tore Gjevre Haugen fulgte på dei neste plassane.
Om det blir slik at 6 lag rykker ned frå 4 divisjonsavdelinga vår må FK Vang prestere dei 2 kampane som er igjen. FK Vang vil kjempe mot Slidre/Røn og Kvam for å ha 6 lag bak seg når alt er over, og begge dese laga møter me i dei 2 kampane som står att i år. Slidre/Røn på heimebane neste fredag i flomlyskamp og Kvam på bortebane laurdagen etter. Nå er det opp til oss sjølve.

Laget: Thomas, Kasai, Anders, Øyvind, Frank, Kim K, Kay Even, Kasper, Olav, Robert, Kai Arne K, Tore, Even og Tormod.        

Kampen:
1-0, 12 min.
2-0, 25 min.
3-0, 27 min.
3-1, 38 min. Robert Christensen (Kasai)
4-1, 43 min.
5-1, 70 min.

Treningar neste veke: Måndag og onsdag kl. 19.30