FK Vang - Slidre/Røn: 2-2 (1-0)
Publisert 01/10/2010

Tveit kunstgras 1 oktober kl. 19.30
Dommarar: Arnold Andersson, Dag Englund og Svein E Slåttsveen
Speaker: Vidar Eltun
Publikum: ca 80, me takkar og bukkar for oppmøtet!
FK Vang leiar kampen med farlege 2 mål og føler at seieren er sikker kvarteret før slutt. Amos Ricardson på Slidre/Røn scorar 2 raske mål i det 75 og 78 minutt og fastsett sluttresultatet til 2-2 og poengdeling. Amos er ein farleg angripar med sin fart og teknikk, han skapar problem for heimelaget og kan bli meget god om han lærer offsideregelen.
Kampen i dag var viktigast for FK Vang som fortsatt har muligheit for 6 plassen i åretrs serie og fornya kontrakt med 4. div. Slidre/Røn på si sie hadde vel mest æra og spele for, men har vist at dei kan kjempe mot dei beste laga i årets serie og har vore gode dei siste serierundene.
FK Vang startar kampen nervøst, mange personlege feil i starten betrar seg utover i omgangen og heimelaget er best i 1. omgangen og leiar fortjent med 1 mål ved halvtid. Målet kjem etter skot frå Kay Even Risøy som stussar ein Slidre/Røn spelar og går rett i nota bak ein utspelt keeeper, Anders Skrebergene har den målgjevande passningen og uret viser 15 minutt.
2 omgangen startar rimeleg bra, men heimelaget slit fortsatt med mange slurvefeil og gjer alt for lett bort ballen til hissige Slidringar. 8 minutt ut i omgangen sler Pål Skjønhaug ein fin langpassning, Slidre/Røn stopparen er uheldig og bommar på ballen, Kai Arne Kvale har fri veg og gjer ingen feil mot svogeren Terje som er komen inn i Slidre/Røn målet. 2-0 leiing til FK Vang og det følest sikkert, Slidre/Røn har sine muligheiter, men spring stadig i offside. Så skjer det i løpet av 3 minutter, FK Vang er for slappe i presset på Amos som får snu seg og koma rettvendt, han scorar dei 2 omtala måla. Slidre/Røn var nærast seieren i sluttminutta, men poengdeling og fortsatt muligheit for fornya 4. divisjonspel for FK Vang. Vangslaget må ta poeng i Kvam neste helg, Kvam skal i morgen møte Otta på Øya og tapar Kvamslaget med nokre mål der kan det klare seg med uavgjort for FK Vang i siste runde i Gudbrandsdalen.
Håpar suporterane tek turen over flya neste helg for ei fin oppleving i dalanes nr 2 dal etter vårt syn då.
Thomas Andre Gjerde vart fortjent kåra til FK Vang sin beste spelar, Kay Even Risøy og Kai Arne Kvale kom på dei neste plassane.
Laget: Thomas, Kristoffer Kvale, Pål, Øyvind, Anders, Sondre, Kay Even, Olav, Kjell Magne, Kai Arne K, Kim K, Kim B, Frank, Robert alle benytta. Tore, Even, Tormod og Kai Arne S ubenytta
Kampen:
1-0, 15 min. Kay Even Risøy (Anders Skrebergene)
2-0, 53 min. Kai Arne Kvale (Pål Skjønhaug)
2-1, 75 min. Amos Ricardson
2-2, 78 min. Amos Ricardson
Trening neste veke: Måndag og onsdag kl. 19.30
