Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Kvam - FK Vang 1-0 (0-0)

Publisert 09/10/2010

Kvam idrettspark laurdag 9 oktober kl. 15.00
Dommarar: Samir Krndzija, Magnus Ørbeck Tollefsen og Roar Steinslien
Publikum: 50

Ja Ja, så er det opp til andre om FK Vang fortsatt skal få tilbudet om 4 divisjon i 2011, det kan forsattt væra ei lita muligheit for dette.
FK Vang gratulerer Kvam med seieren i ein jamn og tett kamp som heimelaget lykkast best i. FK Vang måtte som dei fleste veit vinne i dag for å væra sikkra plass i neste års forsterka 4. divisjon.
Banen i Kvam var bra etter nedbøren og FK Vang starta kampen klart best og var rett og slett gode til tider i 1 omgangen. 5-2 i målsjanser til FK Vang dei fyrste 45 min. seier sitt. Sondre er åleine med Kvam sin gode keeper, men avluttar rett på han. Kim Kveno har og ei stor sjanse han set på sia for målet og same Kim har og eit godt frispark som stryk stolpen. Kai Arme Kvale spelar Sondre perfekt igjenom, om Sondre får denne ballen er han åleine mot mål, men ein Kvamspelar tek ballen med handa og stoppar den med vilje og får kun gult kort. Kampens gode dommar gjer feil i den situasjonen, spelaren burde ha vore utvist.
I pausa er FK Vang enige om å fortseta i samme sporet som 1 omgangen ebba ut med, men etter kun 3 minutt kjem smellen. Stein Jøran Sanden blir spelt fint igjennom og scorar sikkert. FK Vang prøver og prøver, men eit kontant og djupliggande Kvam held unna og vinn kampen. Tapet følest naturleg nok surt no, men FK Vang har spelt seg inn i denne vanskelege situasjonen sjølve og har ingen andre å ta enn seg sjølve. Poenga som FK Vang har mista i sluttminutta i kampane mot Vest Torpa, Slidre/Røn, Ringebu Fåvang og Lom har vel vore omtala att kunne væra viktige når sesongen var over.
Kaptein Anders Skrebergene vart kåra til dagens mann i FK Vang, Kim Bøland vart kåra til nr. 2 og Øyvind Kjøs Egge nr. 3.
Alle spelarane i FK Vang blir med vidare om det blir 4 eller 5 divisjon unnateke Kjell Magne Kvale som vil prøve å konkurere ut Eltun i speakerbua. Kjell Magne kunne vel heller ha sagt at han ville prøve å spele seg inn på Chelsea, det hadde muligens vore enklare. 
Om 4 divisjon blir tilbudt er FK Vang meir enn villige til å stille opp. Laget må i såfall satse noko meir, og spelarane må trene minimum 3 gonger i veka skal dette lykkast. Me kryssar fingrane, og lovar at laget skal koma godt forberedt om så skjer.

Laget: Thomas, Kristoffer Kvale, Øyvind, Anders, Frank, Kim K, Kim B, Kai Arne S, Olav, Sondre, Kai Arne K, Kasper, Kjell Magne og Tore
Even og Runar ikkje benytta.

Kampen:
1-0, 48 min.

Takk for sesongen i 2010, Gudbrandsdalslaga var ein positiv opplevelse for FK Vang, sjølv om tapet mot Kvam i dag sjølvsagt er surt akkurat nå.

FK Vang seniorane tek ei fortjent treningspause no, men startar att i desember inne på Beitostølen.
Fotballfest blir det også i år, dette året er Beitostølen valgt som arena, set av helga 19 - 21 november.