Fotballfesten
Publisert 21/11/2010
Kai Arne Kvale vart kåra til årets spelar i FK Vang sitt 4. divisjonslag. Kasai fekk same prisen for 5. divisjonslaget. Stolte prisvinnarar opplevde alle som var med i det velykka arangementet på Arnolds Pub.
Festen varte ut i dei små timer og dans både høgt og lågt sto på repertoaret til fleire av FK Vang sine seniorar.
Toppscorararpokal for FK Vang i 2010 vart tildelt Kai Arne Kvale (4 div) og Even R Helle i 5 div.
Assistkongane for 2010 vart Kim Kveno (4 div) og Runar S Gullhaug for 5 div.laget.
Årets mål i 4 div. fekk Frank Skoglund for målet han scora på burtebane i Lom, Frank skaut frå 35 meter og skrå vinkel, ballen susa inn i krysset. Kjell Magne Kvale fekk prisen for årets mål i 5 div som vart scora på frispark frå miittsirkelen på burtebane i Bagn.
Årets uheldige pris fekk Jostein Solsten som kun fekk med seg 86 minutt av årets sesong då han pådrog seg eit stygt armbrudd etter at ein Brøttumspelar kortslutta i ei takling.
Råtassen til FK Vang vart Olav Ulven med 3 gule kort, FK Vang hadde totalt kun 15 gule kort på 21 kampar og er utvilsomt eit fair play lag.
Even R Helle fekk innastsprisen for 2010, om fleire kjem opp på hans treningsnivå blir det knall i 2011.
Spelarmøte i FK Vang for sesongen 2011 blir laurdag 27 november kl. 13.00 på Tveit klubbhus.
