Spelarmøte i FK Vang
Publisert 27/11/2010
Det var bra oppmøte på spelarmøte i dag.
Det er ein del nye navn som er aktuelle for FK Vang i 2011, desse kjem me tilbake med.
Støtteapparatet blir også styrka i 2011, Kjell Otto Framstad og Vidar Eltun er med på heimekampane og alt som må gjerast då og Jon Ivar Sandhaugo, Sturla Pettersen og Ola Rogn Tveit tek seg av trenaroppgåvene.
FK Vang melder på 2 lag som i 2010, 5 div blir også i 2011 meldt på som 7 er lag, men av 2010 erfaring blir det for det meste stilt med 11 er lag.
Beitostølen Cup i slutten av januar er fyrste målet, det blir treningar inne i hallen på Helsesportsenteret fram til då.
I desember 2010 blir det 1 trening i veka på fredagar kl. 20.00 - 22.00, med start fyrstkomande fredag 3. desember, så møt opp på helsesportsenteret denne kvelden.
Det blir treningar inne i januar og frå februar blir det 1 trening inne og 1 ute på Tveit om føret tillet det.
Sognehallen blir arena 2 helger i sesongoppkjøringa, 17 - 20 februar og 23 - 27 mars. Opplegget i Sognehallen blir 2 kampar og ei trening i løpet av kvar av helgene, det blir også nedsykkling med innstruktør etter kampane.
Treningskampar utover dette blir muligens kveldskamp i Lærdal og Årdal på heilårsbanane der. FK Vang håpar også at Valdres FK i 2011 som i 2010 innviterar FK Vang til treningskamp på Blåbærmyra.
Nye spelara bes ta kontakt, eller møte direkte opp på treningane, alle som ein skal få framifrå mottagelse. Talast!!
