Beitostølen Cup
Publisert 25/01/2011

FK Vang har 2 lag med i Beitostølen Cup som brakar laus nå til helga.
Innleiande runde for våre 2 lag er fredag 28 januar frå kl. 18.20 til siste kampen som går kl. 00.11 på natta.
Me håpar å koma til sluttspel med begge laga, om så skjer er det på`n igjen tidlig sundag morgen.
FK Vang 1 møter desse laga: Torpa toppfotball, Bagn il 2 og Valdres FK JR 1.
FK Vang 2 møter desse laga: Bagn il 1, Slidre/Røn og Valdres FK JR 2.
FK Vang håpar på stor iver frå tribuna og at mange suportera stiller opp.
28 januar 2011:
FK Vang rauk ut i innleiande runde med begge sine lag.
FK Vang har ikkje innemannskap av samme kaliber som for nokre år sidan, men det er vel ikkje dette som teller med tanke på seriespelet i 2011.
FK Vang 1 rauk ut med minst mulig margin, dei leia alle tre kampane sine, men tapte 2-1 mot Vest Torpa i fyrste kampen. Bagn 2 sto på motsatt sie i kamp nr 2, FK Vang scora også her fyrst, men sleppte inn 1 mål og uavgjort vart det og dette resultatet var alt for dårleg. Kun 1 poeng etter 2 kampar. Valdres FK JR var motstander i siste kampen, FK Vang ville gå til sluttspel med 2-0 seier her, 2-0 kom som bestilt, men atter ei gong slepte me inn 2 mål etter deffansive missar. FK Vang 1sto med 2 poeng og er nok då desverre ferdige i BS Cup i 2011. Målscorarar: Åsmund Bakkene, Sondre S Melbye , Ole Eirk Syversen og Kim Kveno.
Laget: Sondre S Melby, Anders Skrebergene, Kim Bøland, Øyvind K Egge, Frank Skoglund, Kai A Sandhaugo, Olav Ulven, Tormod Ulven, Kim Kveno, Ole E Syversen, Kristoffer L Kvien og Åsmund Bakkene
FK Vang benytter anledningen til å sende gratulasjon til Åsmund sin bror Eivind Bakkene som klarte å erobre ein fantastisk 6 plass i sprint i NM på ski i Steinkjer. Pølsa Pettersen og mange andre store navn vart mesterlig slått av unge hr Bakkene.
FK Vang 2 tapte 3 kampar men kun med 1 mål alle tre, gutane presterte over evne etter å havne i ei gruppe som var hakket kvassere enn den 1. laget var i.
FK Vang 2 møtte Valdres FK JR i fyrste kampen og tapte 1-0, tapet her var rett og slett ufortjent, men kula må settast i mål.
I kamp nr 2 var Slidre/Røn komen inn i turneringa pga eit trekkt lag. FK Vang 2 utligna til 3-3 like før slutt, men Slidringane klarte å putte 1 til i sluttminutta.
Bagn 1 som var det beste laget var siste motstandar kl. 00.11 på natta. FK Vang 2 heldt dei på 0-0 heilt til sluttminutta, men 1 mål i sekken og raka vegen over Eggeåsen uten retrett vart fasitten.
Målscorara for FK Vang 2: Torstein Bakkene, Robert Christensen og Tore G Haugen.
Laget: Thomas A Gjerde, Jarle Jevne, Tore G Haugen, Kristoffer Kvale, Runar S Gullhaug, Kjell Magne Kvale, Tommy Enger, Robert Christensen, Torstein Bakkene Løksa, Sverre Melby, Even Helle, Nils A Skeie og Jonas Kjøs.
Treningar neste veke: Tveit onsdag kl. 19.00 og fredag.......?
