Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Samling i Sognehallen

Publisert 09/02/2011

Kaptein Anders og resten av gjengen skal måle krefter mot vestlandslag i Sognehallen.

FK Vang reiser til Sognehallen 18 - 20 februar for trening og to kampar. Det blir godt å kjenne grønnt gras under knottane att, sjølv om det er av plast.
Geir Inge Heggestad har ordna eit bra opplegg også denne helga, me har trening fredag kveld kl. 20.30 - 22.00 og spelarmøte på hotellet etterpå.
Laurdag skal FK Vang spela sin fyrste treningskamp for året, Varegg frå Bergen står på motsatt sie kl. 16.00. Varegg spelar også i 4 divisjon, men har tidlegare vore langt høgre i divisjonssystemet. Varegg har spelt 2 treningskampar så langt, begge med seierar. Varegg blir ein tøff start i 2011 for eit ungt FK Vang mannskap, men me håpar Valdresgutane viser musklar og gjer alt.
Rett etter kampen blir det nedsykkling i treningssenteret med instruktøren me hadde i 2010(håpar alle), men dette er ingen garanti. Syklinga er obligatorisk og spelarane synest det var kjempebra i fjor. Spelarmøte på hotellet blir det også denne kvelden og kansje me får sjå "pokerfjes Kveno" i aksjon etterpå.
Søndagen møter FK Vang tippeligalaget Sogndal sitt 2 lag, dette er tredje møtet mot dei i Sognehallen og blir nok atter ei tøff batalje. FK Vang står med 1 seier og 1 tap mot Sogndal 2 så kampen blir viktig i så måte, kampen startar kl. 12.00.

Trening ute på Tveit og på snødekkt 7-er felt bak kunsgrasbanen tysdagar og fredagar kl. 19.00 - 21.00.

PS!! Treningssamling nr 2 i Sognehallen er helga 25 - 27 mars.