Sognehallen
Publisert 21/02/2011
16 åringen Håvard Kristiansen Bøyum vart med FK Vang denne helga som keeper. Håvard er Sogndalspelar, men er i år lånt ut til Fjøra som spelar i 3 divisjon. Unguten var den klart beste på vårt lag og det var på ingen måte hans sin feil at me gjekk på 2 stortap denne helga.
Håvard synest det var kjekt å trena og spela med vår hyggelege og trivelege gjeng som han sa, og FK Vang sender same komplimanga over fjellet at til Håvard som er ein særs hyggeleg gut og ein meget god keeper. Me takkar også Sogndal som lånte oss Håvard og hjelpte oss i keeperknipa.
Varegg og Sogndal 2 viste seg å væra alt for sterke for oss, begge desse laga rykka ned frå 3 divisjon i 2010 og begge satsar på og gå rett opp at i 2011.
FK Vang gutane får ei ny sjanse i Sognehallen 25 - 27 mars, me lovar å vise oss i frå ei bedre side då. FK Vang mangla mange 4 divisjonsspelara denne helga og nokre av dei som var med var halvskada. I frå trening på snø og is er desse helgene ei nødvendigheit for å spela og trene på godt underlag og få kamptrening. Markering, passningskvalitet, duellar, bevegelse og mottak må alt bli bedre og desse tinga er vesentlege for å prestere i fotball.
Dei som var med:
Håvard(Sogndal), Olav, Tormod, Robert, Anders, Frank, Sverre, Even, Tore, Jonas, Kristoffer Kvale, Runar, Kasai, Ismat, Million, Kim B, Kim K og Syversen.
Støtteapparat: Ola, Sturla og Jon Ivar
Treningar framover: Tysdag og fredag kl. 19.00-21.00.
