Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Fair Play

Publisert 21/02/2011

FK Vang hadde i kveld storfint besøk på klubbhuset.
Fair Play prisen for 2010 vart delt ut til klubben.
Kretsleder i IØFK, Helmer Almerud, fagkonsulent utdanning i IØFK, Odd Refsdal, medlem i forbundstinget, Mette Christiansen og fotballguru, både nasjonalt og internasjonalt, Per Ravn Omdal - og ikkje minst mange av dei som hadde gjort seg fortjent til prisen - var samla til festivitas på Tveit.
Forkvinne i FK Vang, Ragni Almening Havro opna ballet med fine ord i diktform om FK Vang si 20-årige historie. Ho yngste også velkommen og viste bilder frå sesongen 2010 på storskjerm.
Kretslederen tok så ordet, og han la vekt på klubben sin behandling av spelarane og at alle fekk tilnærma lik speletid. FK Vang er det aldri problem med sa han, økonomien er under kontroll og styret styrer klubben med fast hånd. 
Medlem i forbundstinget, Mette Christiansen, var neste på talelista. Ho synest det er veldig fortjent at nettopp FK Vang får prisen, ho føler seg alltid velkommen til Tveit stadion og synest det er flott at kiosken er open ved alle kampar. Ho prata også varmt om vår integrering av nye landsmenn i klubben, og sa at ho fekk tårer i augo då ho såg reportasjen i Østnytt om FK Vang sin måte å ta i mot og integrere asylsøkarane som bur i bygda.
Per Ravn Omdal prata om utviklinga frå 70-åra og fram til i dag; antall lag og spelarar har auka frå år til år, dette ikkje minst på grunn av hans innsats i starten av 80-åra, med å få damene med på fotballbanen. Den kampen hadde vore meget tøff, som han sa, konservative mannsdominerte miljø måtte til slutt bøye av og damene kom for fullt inn, og er i dag ein stor del av fotballmiljøa rundt omkring i klubbane. Ravn Omdal prata også varmt om 7-er, 5-er og 3-er fotball, og særleg for å få fotballtilbud på mindre plasser. 
Stavanger idrettsforening var klubben Per var aktiv i sjølv, dei hadde kvite og svarte drakter som FK Vang sa han, men den tida stilte alle lag med 11-er fotball - også i dei yngste kassene. Per hadde nok denne opplevinga med seg inn i sitt arbeid med fotballen. Ballfølelse og kjensla av å vera med i kampen hadde ikkje Per opplevd stort av i barneåra, då han kanskje berre hadde fått ballen eit par gonger der ute på sin høgre flanke, i løpet av ein heil kamp. Så 7-er, 5-er og 3-er fotball er nok utvilsomt rett valg med tanke på dette.
Per Ravn Omdal sa heile 3 gonger i si tale at FK Vang også bør jobbe for å få til ein 7-er kunstgrasbane på Mjøsvang, noko han har tenkt på kvar gong på sine turer igjennom Vang.  
Fair Play pådrivaren i FK Vang, Elisabeth Øraker mottok prisen på vegne av klubben. Elisabeth har jobba for at klubben skal ha Fair Play på timeplanen, og dette har no ført til flott pokal og heile kroner 10.000.- i pengepremie.
Elisabeth takka for prisen og la stor vekt på at Fair Play arbeidet også må forsette framover. 
Traktering var siste post på programmet, og ein særs fin kveld i klubbhuset på Tveit vart avslutta med god mat og småprat.