Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Sognehallen

Publisert 21/03/2011

FK Vang reiser til Sogndal og Sognahallen fredag 25 mars.
Ei trening og 2 kampar blir det i helga, atter er det to vestlandslag som står på motsatt side.
Fotlandsvåg frå Bergensområdet er motstandar laurdag kl. 10.00 og Leikangerlaget Syril stiller opp søndag kl. 12.00.
Treninga fredag startar kl. 19.45.

Fotlandsvåg har trekkt seg frå helga i Sognehallen, Kaupanger stiller opp som motstander for FK Vang på laurdagen. 
 
Tveit stadion er nesten fri for snø, 10 varmegrader og sterk vind har bidrage til ei formidabel nedsmelting i dag. Vatnet sto høgt på klubbhusveggen, og flaumvatn seig inn i garderobene og lageret. Med god hjelp frå brannvesnet i Ryfoss fekk me vannstanden på eit meir normalt nivå med to kraftige pumper. Frost i ein dreneringskum var ei av årsakene til skadene, tining er sett igang og me håpar at dette ordnar seg i løpet av natta.
Flaggstengene bak mållinja makta heller ikkje presset frå den sterke vinden, fleire av dei har fått ein uvanleg vinkel.