Syril - FK Vang: 2-1 (0-1)
Publisert 27/03/2011
FK Vang leia kampen til det sto att 15 min, men tapte 2-1 mot Leikangerlaget Syril.
Kampen var jamn og begge lag hadde sjanser til å seta fleire i nota, men lykkast ikkje med det.
FK Vang spelarane starta kampen rimeleg bra, med unntak av miss på passningar i upressa situasjonar.
Kai Arne Kvale snappa ein tversoverpassning i Syril sin bakre firer og scora sikkert åleine mot keeper i det 30ende minutt.
Leiing 1-0 til pause var greit nok etter spel og sjanser og gutane var enige om å stå på dei siste 45.
I andre omgang vart FK Vang meir og meir kortpusta etter ei hard helg. Syril kom til fleire småsjanser, men det var FK Vang som scora og utlikna for dei etter 75 min.
Seiersmålet kom 5 minutt før slutt og var vel ikkje direkte ufortjent, sjølv om også me hadde nokre store sjanser i 2 omgang.
Alt i alt har FK Vang hatt ei bra helg sjølv om det vart to tap. Mange av våre spelara som kunne vera med til Sogn denne helga har ikkje mange 4 div kampar på repertoaret og med kun 3 innbyttarar blir det tøft med ei trening og to kampar same helga.
"Pokerfjes" vannt ikkje i poker denne helga, men kom på toppen av pallen då heile laget hadde tippekonkuranse med landskampane på laurdagskupongen.
Trening komande veke: Tysdag og torsdag kl 19.30 - 21.00, og kansje treningskamp på fredag 1 april kl. 19.00 på Tveit (Ikkje aprilsnarr)
