Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

FK Vang - Valdres FK: 1-4 (0-2)

Publisert 16/04/2011

Tveit stadion kunstgras laurdag 16 april kl. 12.00
Dommarar: Nils Arne Solberg, Tor Erik Berge og Geir Kongslien
Publikum ca. 60 stk

Meget god oppkjøring til årets 4. divisjon for FK Vang, sjølv om Valdres vannt med 3 mål til slutt.
Det er meget prisverdig at Valdres FK tek turen til Vang og møter oss på heimebane, offensiv trening for dei og deffensiv trening for heimelaget har begge laga godt av.
FK Vang kom vel best ut av den duellen, laget vårt låg stort sett veldig kompakt og var raskt i press på balltrillande Valdresspelara. Valdres FK skapte ikkje dei heilt store sjansene før Christian Bwamy putta Valdres sitt første etter 12 minutt.
Edmund Chappy sette Valdres sin andre scoring etter 23 minutt.
Valdres FK stilte med bortimot 1.lag denne omgangen og hadde ballen klart mest utan å skape meir enn 6 sjanser og 2 cornera. FK Vang på si side hadde 2 sjanser og 1 corner, den eine sjansa kom etter direkte frispark frå Kim Bøland, ballen gjekk i aluminiumen der stolpene møtes, men desverre ut. 
FK Vang var enige om å trø til i starten av 2. omgang. Taktisk lurt å starte med 10 mann?, når vår 11 mann entret banen 3 minutt ut i omgangen vart det scoring på dødball for FK Vang. Kim Bøland la eit perfekt innlegg frå vår høgre side, tellefeil i Valdres FK og Tore Gjevre Haugen fekk stå umarkert og hedda ballen nydeleg til side for keeper og i mål. 
2 minutt etter at me reduserte fekk atter eks. Follospelar C. Bwamy fri bane og førte Valdres opp i 1-3 leiing. Edmund Chappy putta Valdres sitt siste når kampuret viste 68 minutt.
Sjanse og cornerstatistikken etter 90 minutt viser 4-12 og 3-6 i Valdres FK sin favør.

Kim Bøland var FK Vang sin beste spelar og kansje ein av banens beste i dag, men alle våre 17 som fekk prøve seg klarte seg alle godt og sto på som bare f. 
FK Vang hadde også med 3 nye spelara i dag, desse blir presentert seinar når nye nettsia er på plass, men er: Jon Rabben Lundby (Sagene if), Tommy Enger(Valdres FK) og Sverre Melby (Ø.Slidre/Rogne)    

Laget: Jon, Kristoffer Kvale, Øyvind, Anders, Tore, Kim K, Kai Arne S, Kasper, Kim B, Kai Arne K, Ole Eirik, Tommy, Kristoffer L K, Even, Sverre, Million og Kasai

Neste: Treningskamp på Tveit tysdag 19 april kl. 19.15 mot Bagn.