FK Vang - Søndre Land: 5-6 (1-4)
Publisert 25/04/2011

Tveit stadion kunstgras 2. påskedag, 25 april 2011 kl. 15.00
Dommarar: Morten Haugerud, Einar Nordmarken og Knut Sørhusbakken
Speaker: Vidar Eltun
Publikum: ca. 60 stk.
Surt tap i seriepremiera, men artig kamp og mange mål.
Søndre Land scora alle måla sine på dødball, dei var farlige på lange innkast og scora 4 mål på slike situasjonar.
Søndre Land var det beste laget i starten av kampen, men scora vel på nesten alle sine sjanser dei fyrste 45, bortelaget leda kampen med 0-4 og det etter 3 innkastmål og eit frispark som vart hedda inn. Presise innkast og dødballar frå bortelaget vart kriga inn i mål, mot eit tafatt heimelag. Spelemesig var FK Vang heilt på talefot med Søndre Land også dei fyrste 45, men vår scoring kom heilt i slutten av omgangen. Kim Bøland slo eit presis innlegg som Kai Arne Kvale kontant ekspederte i mål.
I pausa var alle enige om at dette kunne bli 3 poeng til slutt, gutane måtte berre stå på dei siste 45 minutta.
Andre omgangen var stort sett FK Vang sin, Søndre Land fekk 4 mål i fleisen, 1-4 var no snudd til 5-4 og det i løpet av 30 minutt. Øyvind Kjøs Egge putta 2-4 målet, etter ein perfekt corner frå Tore G Haugen, dette 12 minutt ut i omgangen. 4 minutt etter dette kom Robert Christensen nedover på vår høgreside, han la perfekt inn til Kai Arne Kvale som kontant hedda ballen utagbart for bortelaget sin keeper. Ole Eirik Syversen kriga inn utligninga etter eit soloraid når uret viste 28 minutt. Fantastisk langskudd frå Robert 2 minutt seinar førte FK Vang opp i leiing og det meste føltest bra. Kampen jamna seg meir ut at etter dette, Søndre Land fekk corner 7 minutt før full tid, i tumultane framfør vårt mål får ein S.Land spelar avslutta og ballen er inne. Kai Arne Kvale tek ballen med handa innanfor streken, men dommarane dommer straffe og utvising på vår eminente spiss. Straffa blir plassert til høgre for vår keeper og 5-5 på blokka. FK Vang må avslutte med 10 mann, trippel straff med mål i mot og utvisning og på toppen av det heile ute av troppen til nabooppgjeret.
FK Vang justerte til 1-4-3-2 og prøvde å få med tre poeng på seriepremiera, Søndre Land øyna også håp og trekkte desverre det lengste strået i dag. Bortelaget fekk innkast på vår venstre side 3 minutt før full tid, fram med mann og mus, atter vart duellen tapt og ballen vart stussa rett i mål.
Mykje bra i dag, men dødballmål imot har ikkje vore problem før i år og heller ikkje i 2010, heile 6 i dag er for mykje og må skjerpast.
FK Vang scorar 5 mål, kun 2 av dei på dødball. Når me scorar så mange mål bør laget vinne, men det ville seg desverre ikkje i dag.
Kim Bøland vart klart kåra til FK Vang sin beste i dag, Kai Arne K og Robert delte sølvplassen.
Laget: Jon, Kristoffer Kvale, Øyvind, Anders, Tore, Robert, Kim B, Kai Arne S, Kasper, Kai Arne K, Ole Eirik, Kim K, Even, Sverre, Tormod og Thomas som vart ubenytta.
Kampen:
9 min. 0-1, innkast
23 min. 0-2, innkast
36 min. 0-3, innkast
42 min. 0-4, frispark
44 min. 1-4, Kai Arne K (Kim B)
57 min. 2-4, Øyvind (Tore)
61 min. 3-4, Kai Arne K (Robert)
73 min. 4-4, Ole Eirk
75 min. 5-4, Robert
83 min. 5-5, straffe og utvisning Kai Arne K.
87 min. 5-6, innkast
Trening denne veka tysdag kl. 19.30
