Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Slidre/Røn - FK Vang: 1-2 (1-1)

Publisert 30/04/2011

Blåbærmyra fredag 29 april kl. 19.30
Dommarar: Erland Hareland, Knut Storvik og Bjørn Dag Lundhaug
Publikum: ca 50
Speaker: Rune Stenslette

FK Vang fekk sin fyrste seier for året i kveld, 3 poeng følest meget bra mot nabo Slidre/Røn FK.
Overgangsvinnaren Slidre/Røn spelte ikkje opp til forventningane, mot eit litt svekka FK Vang i kveldens kamp.
Aggresive og gode mittbanespelara på FK Vang sitt lag kom raskt opp i press mot på papiret gode nye navn på Slidre/Røn, denne duellen vannt FK Vang klart.
Kampen var ellers relativt jamn slik som nabooppgjer brukar vera, men seieren følest alt i alt fortjent. FK Vang prøver å spela fotball heile kampen og får det bra til i perioder. Slidre/Røn på si side sler mykje langt mot sin store spiss, men små og kvikke FK Vangspelara vinn stort sett nedfallet etter 1. duellen og ryddar godt opp bakover.

Kampen startar litt så som så for FK Vang og etter 25 minutt scorar FK Vang, Slidre/Røn sitt fyrste mål i årets serie. FK Vang tek etter dette over kampen og er det klart beste laget ut denne omgangen. 7 minutt før pause kjem utligninga, Kim Bøland finn Kai Arne Sandhaugo som lekkert puttar ballen i nota.
Fokus i pausa er å fortsette som me slutta dei fyrste 45, men dette lykkast berre delvis. Det blir mykje duellspel, men kveldens dommar er godt oppe i situasjonane og frisparka som blir idømt fell like mykje til begge kantar.

I det 80 minutt kjem situasjonen som avgjer kampen, Ole Eirik Syversen blir spelt igjennom. Mr. Syversen let seg ikkje be, og sett full fart mot Slidre/Røn sitt mål, keeperen rusar ut, men Syversen får ballen forbi keeperen og blir takla i same momanget. Dommaren bles korrekt straffe i situasjonen. Robert Christensen er sikker frå 11 meteren, men må prøve to gonger før dommaren godkjenner scoringa.

Det er meget bra at ein ny spelar i FK Vang viser seg fram i dag, Sverre Melby vinn stjernekåringa etter kampen og guten er å sjå på nettsia denne veka. Sverre har trena godt og har vorte bedre og bedre i treningskampane i vår, i kveld slo Øystreslidringen ut i full blomst og stoppa vår gode venn Jon Terje gong på gong. Kai Arne Sandhaugo kom på sølvplass i kåringa, mens ein strekkskada Robert Christensen tok siste plassen på pallen.Ellers er det heile 11 stk som får stjerner etter kveldens kamp, dette tyder på god laginnsats.
Redalen er neste motstander på Tveit fredag om ei veke, Redalen rykka ned frå 3 div. etter fjoråret, dei har ein seier og eit tap også dei så langt.   

Avisa Valdres tok også turen i dag:
http://www.avisa-valdres.no/sport/2011/04/29/tett-og-jevnt-mellom-slidreroen-og-fk-vang.aspx   

Laget: Jon, Sverre, Øyvind, Anders, Tore, Robert, Kai Arne S, Kim B, Kristoffer Kvale, Ole Eirik, Kim K, Thomas, Frank, Million. Ubenytta: Even og Kasay

Kampen:
1-0, 25 min.
1-1, 38 min. Kai Arne Sandhaugo, (Kim Bøland)
1-2, 80 min. Robert Christensen, (Ole Eirik Syversen) straffe

Trening neste veke: Tysdag kl. 19.30