Gran - FK Vang: 1-1 (1-0)
Publisert 15/05/2011

Gran kunstgras søndag 15 mai kl. 15.00
Dommarar: Tom-Erik Brenden Våtsveen, Dag Emglund og Tron Brænden.
FK Vang heva seg i andre omgang og fekk med seg 1 poeng heim til Vang.
Gran har fått eit supert idrettsanlegg og satsar med ungt mannskap i år, ikkje ulikt FK Vang.
Kampen starta jamnt dei fyrste 15 minutta, men heimelaget tok meir over og var klart best siste halvtimen av omgangen.
Uret viste 21 minutt då Gran kom seg rundt på si venstreside og fekk til eit nydeleg innlegg, angriparen fekk stå i fred og scora enkelt. 1-0 var resultatet til pause.
FK Vang var eit anna lag dei siste 45 minutta, og andre omgangen var jamn i følge rapportane. FK Vang sin mittbane kom før oppi Gran sine folk og stressa dei til å gjera feil, dette førde også til at FK Vang fekk overganger og sjanser. Gran scora også FK Vang sitt mål i dag, utligninga kom etter 70 minutt og var ei tabbe forsvar-keeper. Etter dette hadde begge lag store sjanser, men kampen ebba ut med eit poeng til kvart lag.
FK Vang har 4 poeng på fire kampar, alle poenga er komne på bortebane og det er sterkt. Det er også sterkt med tanke på at laget har mangla sentrale spelara i begge desse kampane. FK Vang møter topplaget Toten på heimebane neste runde og bør vise musklar.
Anders Skrebergene vart kåra til dagens FK Vang spelar med mittstopparkolega Øyvind Kjøs Egge like bak, Kim Bøland kom også på pallen. Heile 12 stk fekk stjerner i dag, dette tyder på bra laginnsats.
Laget: Thomas, Sverre, Øyvind, Anders, Tore, Kristoffer Kvale, Kim B, Kai Arne S, Sondre, Frank, Kim K, Kasay, Even og Alimkhan
Kampen:
1-0, 21 minutt
1-1, 70 minutt (selvmål) Assist: Thomas Andre Gjerde
På Tveit neste veke:
B-lagskamp onsdag 18 mai kl. 19.30, mot Vest Torpa 2.
Trening torsdag 19 mai kl. 19.30
Dugnad på Tveit kl. 10.00-14.30, laurdag 21 mai
A-lags kamp laurdag 21 mai kl. 16.00 mot Toten
