FK Vang 2 - Vest Torpa 2: 15-0 (8-0)
Publisert 18/05/2011

Tveit stadion kunstgras 18 mai kl 19.30
Dommarar: Geir Kongslien, Sven Ingar Moen og Vidar Kassel
Publikum: 10 stk
Vest Torpa 2 kunne berre stille med 7 mann, FK Vang 2 lånte bort 2 stk slik at kampen vart spelt med 9 på kvart lag.
Ingen av spelarane i kveldens kamp starta forrige 4 div. kamp, men 3 av dei var på benken mot Gran.
FK Vang 2 var det klart beste laget og scora mange mål, men bomma også på mange 100% sjanser.
Det gjekk 13 minutt før heimelaget scora, Kai Arne Kvale putta denne etter assist av Runar S Gullhaug. Jonas Kjøs scora omgangens finast på ei kontant hedding, etter fint innlegg frå Ole Eirik Syversen.
Heile 8-0 var stilliga ved pause og FK Vang scora på 50% av sjansene dei fekk dei fyrste 45.
Andre omgangen var 12 minutt gamal då Kai Arne Kvale gjorde alt åleine og putta på til 9-0. Det var også Kai Arne Kvale som avslutta scoringsorgien etter passning frå Runar S Gullhaug.
Uttellinga dei siste 45 minutta var for svak, men spelarane får for god tid og skal gjera ting med ballen dei slett ikkje kan.
Tommy (Tigeren) Enger er tilbake med brask og bram, for dei som hugsar nokre år tilbake i FK Vang historia, ja det er samme Tommy berre nokre år eldre. Tommy vannt kåringa om FK Vang sin beste i kveld med god margin og er ei stor forsterking i stallen.
Håvard Omdahl som debuterte i FK Vang drakt i kveld sto ein utmerka kamp i mål. Me ynskjer begge to hjarteleg velkomne i klubben.
Laget: Håvard, Eltun, Kasay, Kristoffer L K, Jonas, Even, Runar, Kai Arne K, Ole Eirk, Christoffer, Alimkhan og Tommy
Spelara på utlån i kveld: Ismatullah og Million, begge klarte seg godt.
Kampen:
1-0, 13 min. Kai Arne Kvale (Runar S Gullhaug)
2-0, 22 min. Ole Eirik Syversen (Kai Arne Kvale)
3-0, 24 min. Kai Arne Kvale
4-0, 29 min. Even Helle (Ole Eirik Syversen)
5-0, 33 min. Christoffer Kvien (Tommy Enger)
6-0, 40 min. Kasay Mewcha
7-0, 42 min. Kristoffer Lien Kvien
8-0, 44 min. Jonas Kjøs (Ole Eirik Syversen) kveldens perle
9-0, 57 min. Kai Arne Kvale
10-0, 65 min. Vidar Eltun (Ole Eirk Syversen)
11-0, 75 min. Runar S Gullhaug (Kai Arne Kvale)
12-0, 80 min. Alimkhan Gudajev
13-0, 81 min. Kai Arne Kvale
14-0, 85 min. Kai Arne Kvale (Kristoffer Lien Kvien)
15-0, 89 min. Kai Arne Kvale (Runar S Gullhaug)
Tabell: http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=126388
