FK Vang -Toten: 0-5 (0-2)
Publisert 21/05/2011

Tveit stadion kunstgras 21 mai kl. 16.00
Dommarar: Andianus Teunis Nugteren, Svein Erik Slåttsveen og Bjørn Dag Lundhaug
Speaker: Kjell Magne Kvale
Publikum: ca 30 stk.
Toten FK er det beste laget me har møtt så langt i serien, dei har ei god plan med mykje av spelet, er bevegelige og virker meget godt samtrent. FK Vang har kansje halvparten når det gjelder treningsgrunnlag i forhold til Toten, og det er tydelig i dagens kamp.
I fyrste omgang er FK Vang dårlige, me kjem ikkje raskt nok opp i situasjonene og går til som eit jentelag i duellane, og når me vinn ballen gjer me den alt for enkelt ifrå oss. Toten leiar veldig fortjent med 2 mål til pause.
Heimelaget hevar seg i andre omgang og betrar prestasjonane med mange prosent. Ballen blir spelt med mål og meining når me vinn den og kjempinga og bevegelsen er mykje bedre. FK Vang spelar seg fram til 3 sjanser, men missar på alle desse.
Toten scorar eit mål mitt i omgangen og set inn to i sluttminutta, mens FK Vang blir ståande med null i målprotokollen i dag. Årets 4 divisjon ser ut til å bli omtrent som me frykta. Det er divisjonsforskjell på topp og bunn, eg er rimeleg sikker på at Toten ville bite godt i frå seg ein divisjon over.
Sjanse og cornerstatistikken viser 11-3 og 8-1 i Toten sin favør.
Toten sine bilder fra kampen: http://idrett.speaker.no/organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=1160428&CatId=18956
Thomas Andre Gjerde og Kai Arne Sandhaugo vinn stjernestatistikken med 1 stjerne foran Anders Skrebergene.
Thomas vinn kron og myntkastet og vil helst ha bildet frå dusjen på nettsia, men mjukporno blir ikkje tillate frå redaktøren.
A og B laget med støttespelarar, Håvard Rogn Tveit og 2 stk i frå ambulansetjenesta i Valdres hadde dugnad på Tveit før kampen i dag, kansje ikkje beste oppladinga før møtet med serieledaren, men ein meget god jobb vart gjort. 2 tonn med gummikuler vart tilført vår nydelige kunsgrasbane med trillarbårer og spann, nett bak 7 er måla er på plass, flaggstengene som knakk i vinden i mars vart reparert og til og med gjerde rundt grassbanen vart sett over.
Laget: Thomas, Sverre, Anders, Øyvind, Tore, Kim K, Kim B, Sondre, Kai Arne K, Kai Arne S, Ole Eirik, Even, Kristoffer Kvale, Kasay og Håvard som var ubenytta.
Kampen:
0-1, 24 min.
0-2, 35 min.
0-3, 63 min.
0-4, 88 min.
0-5, 89 min.
Neste veke:
Kamp mot Ø.Slidre/Rogne i 5 div på Storefoss måndag 23 mai kl. 19.00.
Trening på Tveit tysdag kl 19.30
Kamp mot Ihle i 4 div fredag 27 mai kl. 20.30 på Tveit.
