Ø.Slidre/Rogne - FK Vang 2: 4-7 (2-1)
Publisert 23/05/2011
Storefoss stadion måndag 23 mai kl. 19.00
Dommar: Geir Melby
Publikum: Ja
FK Vang 2 sin fyrste burtekamp i år ender med fortjent seier, sjølv om Ø.Slidre/Rogne var fullt på høgde dei fyrste 45 minutta og leia kampen ved halvtid. FK Vang 2 var som smågutar i duellane dei fyrste 45 og spelte dårleg. Stillinga ved pause var 2-1, Kristoffer Lien Kvien får assisten på sjølvmålet som vi får. Ein straffemiss på FK Vang 2 blir også rapportert.
Burtelaget hevar seg kraftig etter kvilen, Sondre S. Melbye og Ole Erik Syversen er spisspar dei siste 45 minutta og scorar jamt og trutt utover i omgangen. Sondre prikkar 4 og Syversen står med 2 i protokollen etter kampslutt. Evigunge Tommy Enger har tre assistar og legg press på assistkongen frå 2010.
Øystreslidringen Sondre S Melbye vinn stjernekåringa i FK Vang denne kampen, mens Tommy Enger som var dagens mann sist kamp er kun 1 stjerne bak.
Laget: Håvard, Jon, Kristoffer Kvale, Kasay, Sondre, Jonas, Million, Runar, Tommy, Even, Syversen, Kristoffer L K, Toro, Lars og Alimkhan
Kampen:
0-1, 3 min. Sjølvmål (Kristoffer Lien Kvien)
1-1, 10 min.
2-1, 12 min.
2-2, 48 min. Sondre S Melbye
2-3, 53 min. Sondre S Melbye (Even R Helle)
3-3, 54 min. Staffe
3-4, 64 min. Sondre S Melbye (Tommy Enger)
3-5, 71 min. Ole Eirik Syversen (Tommy Enger)
3-6, 77 min. Sondre S Melbye (Tommy Enger)
4-6, 88 min.
4-7, 92 min. Ole Eirik Syversen (Sondre S Melbye)
Trening på Tveit i morgen kl. 19.30
Tabell: http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=126388
