Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

FK Vang - Ihle: 3-2 (2-2)

Publisert 28/05/2011

Tveit stadion kunstgras fredag 27 mai kl. 20.30
Dommarar: Nils Arne Solberg, Bjørn Lunden og Vidar Hilmen.
Speaker: Vidar Eltun
Publikum ca. 30 stk.

Før oppgjeret mellom FK Vang og Ihle i kveld var det jentekamp på Tveit stadion, Aurdal-Leira var på besøk i Vang.
Ei av Aurdal-Leira sine jenter var veldig uheldig og fekk mest sansynleg brudd i lårbeinet. Helsepersonell som var og såg kampen hjelpte den tappre uheldige jenta før ambulansa frå Ryfoss kom. Luftambulanse vart tilkalla og denne kom også raskt på plass. Håpar alt blir bra med jenta, med luftambulansa kom ho raskt til sjukehus og er nok i trygge hender. Me ynskjer Aurdal-Leira jenta god bedring.

Dommar Nils Arne Solberg bles kampen igang noko forsinka, FK Vang pressa høgt i starten og hadde 3 kjempesjanser før 5 minutt var gått. Sondre S Melbye scora også på ei av desse etter innlegg frå Kim Kveno, dette var forøvrig Sondre sitt fyrste mål i 4 div. og målet kom etter kun 2 minutt.
Pokerfjes Kveno har vel kansje ikkje scora mest mål med hodet, men også det fekk publikum sjå i kveld. Ole Eirik Syversen hadde assisten, 2-0 målet kom etter ca. 20 minutt.
FK Vang hadde god kontroll fram til dette, men sleppte Ihle meir og meir inn i kampen. Ihle har starta årets 4 div. dårleg, men har gode spelara framover på banen og god keeper. Når FK Vang tapte ballen på tur framover, kontra Ihle raskt og presist. Ihle scora 2 mål på denne måten etter 33 og 35 minutter. Laga sto likt ved pause, sjølv om FK Vang hadde hatt flest sjanser, men ferrast cornera.
I dei siste 45 minutta i kveld var FK Vang det klart beste laget og burde ha scora fleire mål. Det vart telt til 8-3 i målsjanser, og mange av dei var meget store. Innbyttar Kasper Kjeldsen vart matchvinnar i kveld, han putta 3-2 målet kontant i nettet 24 minutt ut i omgangen, etter ein god corner frå Tore Gjevre Haugen.
Kampen ebba ut med dette resultatet. Det var ingen god kamp totalt sett, men den starta bra og slutta bra for heimelaget. 3 poeng på heimebane mot Ihle var viktig for tabellsituasjonen, at FK Vang spelar seg fram til 15 målsjanser er også bra.

Kim Bøland vart kåra til FK Vang sin klart beste spelar, han hadde dobbelt med stemmer i forhold til den delte 2 plassen som Kim Kveno og Anders Skrebergene besteig.

Laget: Thomas, Sverre, Anders, Øyvind, Tore, Kim K, Kim B, Kai Arne S, Kai Arne K, Sondre, Ole Erik, Jon, Kasper, Kristoffer Kvale, Tommy og Even.

Kampen:
1-0, 2 min. Sondre S Melbye (Kim Kveno)
2-0, 20 min. Kim Kveno (Ole Eirik Syversen)
2-1, 33 min.
2-2, 35 min.
3-2, 69 min. Kasper Kjeldsen (Tore Gjevre Haugen) 

Treningar neste veke blir tysdag og torsdag kl. 19.30